Dom i saka om Letjennareviret innanfor ulvesona er avsagt

Borgarting lagmannsrett har komme med dom i saka om vedtaket til staten av 31. desember 2019 om lisensfelling av Letjennareviret innanfor ulvesona. Vedtaket vart kjent ugyldig.

- Vi tek dommen frå Borgarting lagmannsrett til etterretning. Vi vil no gå nøye gjennom dommen saman med staten sin prosessfullmektige. Vi kjem attende til ankespørsmålet når det er gjort ei grundig vurdering av dommen, seier statssekretær Aleksander Øren Heen i Klima- og miljødepartementet (Sp).