Ein tydeleg nasjonal politikk for kunstig intelligens

Noreg har, og skal ha, ein tydeleg nasjonal politikk for kunstig intelligens og digitalisering.

I en kronikk i Aftenposten 17. september etterlyser Aksel Braanen Sterri og Inga Strümke ein tydeleg politikk for kunstig intelligens (KI) i Noreg. Regjeringa har allereie har ein tydeleg politikk for KI, nedfelt i Nasjonal strategi for kunstig intelligens. Nyleg la regjeringa fram eit forslag om å bruke ein milliard kronar i løpet av dei neste fem åra til forsking på KI-feltet. Eit viktig formål med denne satsinga er nettopp å finne ut kva konsekvensar KI-teknologien vil ha for det norske samfunnet.

Noreg og norsk næringsliv møter utfordringar som globalisering, fleire eldre og klimaendringar. Digitalisering og kunstig intelligens er ein nøkkel til å handtere desse samfunnsutfordringane framover, samstundes som vi styrker velferdsnivået. Vi veit at kunstig intelligens gjev ny innsikt og medverkar til forbetringar innan mellom anna medisin, transport og klima. Teknologien bidreg også til at offentleg sektor kan gi folk betre tenester. KI vert allereie brukt i fleire verksemder i helsesektoren, til dømes til kreftdiagnostikk, eller innan transport og energi til mellom anna vedlikehald.

Samstundes skapar kunstig intelligens nye utfordringar og etiske dilemma. Difor skal vi vidareutvikle politikken gjennom ein ny nasjonal digitaliseringsstrategi som skal leggjast fram neste år.

Målet for regjeringa er utvikling av kunstig intelligens innanfor ansvarlege og trygge rammer. Innbyggjarane skal vere trygge på at det er menneske, ikkje maskinar, som tek avgjerdene og styrer utviklinga.

EU har foreslått nye reglar for kunstig intelligens for å sikre at utviklinga og bruken av desse systema er ansvarlege og i samsvar med våre fundamentale rettar. I 2021 la EU-kommisjonen fram eit forslag til ei forordning om kunstig intelligens (KI-forordning). Dette er verdas fyrste forslag til eit juridisk rammeverk som skal regulere kunstig intelligens.

Regjeringa har satt ned ei hurtigarbeidande arbeidsgruppe som skal vurdere behovet for nasjonal regulering av kunstig intelligens. Denne arbeidsgruppa skal òg lage ein plan for rettidig innlemming og god gjennomføring av EU-forordninga om kunstig intelligens (KI-forordninga) i norsk lov, når ho blir vedteken i EU.

Det er viktig å hugse på at dei lovene vi allereie har i Noreg, gjeld òg for kunstig intelligens. Dette gjeld til dømes  personopplysningslova, lova om likestilling og forbod mot diskriminering, og forvaltningslova. Det same gjeld regelverket innanfor dei ulike sektorane, til dømes helse og transport.

Kunstig intelligens kjenner inga landegrenser, og regjeringa er oppteken av å påverke den internasjonale utviklinga på dette området, slik at norske interesser blir ivaretekne på ein god måte. Difor deltek Noreg aktivt i prosessar i EU, Europarådet og OECD.

Kunstig intelligens er ei kraft som treff bredt i samfunnet og vil påverka næringslivet,   arbeidslivet og privatlivet til folk i stadig sterkare grad. Difor tek regjeringa KI-utviklinga på alvor og utviklar løpande politikken i møte med nye utfordringar.