Historisk arkiv

Eit løft for pasienttryggleiken

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Torsdag var Bent Høie til stades då Oslo Universitetssykehus (OUS) tok i bruk kjernejournal. Dermed har meir enn 3,7 millionar av landets innbyggarar kjernejournal som gir sjukehus, legevakt og fastlegar tilgang til viktige helseopplysningar.

– Eg er oppteken av pasienttryggleik. Kjernejournal er ein viktig byggestein i arbeidet med å styrke pasienttryggleiken i Norge, seier Bent Høie.

1. september fekk 500 000 Oslo-innbyggarar sin eigen kjernejournal. Og like viktig: medisinsk personell i hovudstaden har raskare og meir effektiv tilgang til nøkkelinformasjon som kan vere svært viktig i akutte situasjonar.

I løpet av neste år skal samtlege innbyggarar i Norge ha fått kjernejournal.

Viktig for alle

At Oslo Universitetssykehus no er kopla på, styrkar først og fremst pasienttryggleiken til innbyggarane dei til dagleg har ansvar for. Men det kjem også fleire av landets innbyggarar til gode. Mange er jamnleg i hovudstaden på møter, kurs og konferansar eller på besøk hos familie og vener. Er du ein av desse, og blir akutt sjuk, så kan du vite at legevakta eller sjukehuset i Oslo har tilgang til den viktigaste informasjonen om akkurat di helse, slik at dei raskare kan setje i gang med riktig behandling. Helsepersonellet vil få vite om du er allergisk mot til dømes narkose, går til dialyse og kva for legemiddel du har fått på resept. Dei kan også få vite kven som er fastlegen din, og finne kontaktinformasjon til pårørande.

- Vi har fleire døme på at pasientar har fått raskare og betre behandling takka vere informasjon som ligg i kjernejournalen, seier Helseministeren.

Bruk av kjernejournal vil spare helsepersonell for mykje tid dei til no har brukt på å leite fram opplysninger om pasienten.

Høie understrekar at helsepersonell må lære seg verktøyet og ta det i bruk. Per i dag har 7400 tilsette i helsetenestene bestått godkjenningsprøven.

Ansvar for eiga helse

Fastlegen kan registrere kritisk informasjon om helsen din i kjernejournalen. Dette kan være spesielt viktig for personer med kritiske og alvorlige allergier og lidelser, og pasientar som får viktig behandling som til dømes dialyse. Kjernejournal gir også innbyggarane høve til å ta større ansvar for eiga helse. Vi kan enkelt logge oss inn på vår eigen kjernejournal og få vite kva opplysningar som ligg der, og vi kan legge inn opplysningar sjølv.

Om vi ikkje ynskjer kjernejournal eller ynskjer at ting blir fjerna, er det mogleg å reservere seg heilt eller sperre tilgang til deler av kjernejournalen. Det er også mogleg å sjå kva for helsepersonell som har sett på din kjernejournal. Dette er viktig for personvernet.

Les meir om kjernejournal på helsenorge.no