Statsbudsjettet 2024

Eit nytt løft for arbeidet mot diskriminering og for likestilling

Regjeringa foreslår ei auke på 18 millionar kroner til likestillingsfeltet. Pengane går mellom anna til oppretting og drift av eit nytt likestillingssenter og styrking av Diskrimineringsnemnda.

– Vi ønsker at alle skal kunne leve trygge og frie liv, difor er det viktig å framleis styrke og løfte arbeidet for likestilling og mangfald. For sjølv om Noreg er langt framme i arbeidet, er vi enno ikkje i mål, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

Ei av satsingane er oppretting og drift av eit nytt likestillingssenter. Det vil gi fem senter i alt og ein landsdekkande struktur for likestillingsarbeid.

Regjeringa vil også fortsette arbeidet for ein mindre kjønnsdelt arbeidsmarknad, og midlane vil mellom anna nyttast til den komande strategien for likestilling mellom kvinner og menn, og til tiltak i arbeidet  mot seksuell trakassering.

3,5 millionar kroner av auken skal gå til meir i tilskot til ulike organisasjonar som jobbar med å fremme likestilling på ulike diskrimineringsgrunnlag.

Regjeringa foreslår også å auke løyvinga til sekretariatet for Diskrimineringsnemnda med 3,5 millionar kroner. Nemnda har dei siste åra fått nye ansvarsområde, knytt til mellom anna saker om seksuell trakassering og gjengjelding ved varsling.

– Diskriminering er eit alvorleg hinder for at folk kan leve de liva dei ønsker. Å få behandla klagen sin, er eit spørsmål om rettstryggleik for den som blir utsett for diskriminering. Vi vil bidra til å sikre eit godt diskrimineringsvern og redusere saksbehandlingstida, seier Jaffery.

Innsatsen for eit tryggare, meir inkluderande og likestilt samfunn for lhbt+-personar følgjast opp gjennom regjeringas handlingsplan for kjønns- og seksualitetsmangfald.