Ekstra løyving til samisk språkteknologi

Regjeringa har som mål å støtte og løfte dei samiske språka. Kommunal- og distriktsdepartementet har derfor bestemt at Divvun – språkteknologimiljøet ved UiT – Norges arktiske universitet – skal få ei ekstra løyving på 3 millionar kroner i 2022.

Styrkinga av Divvun er del av Noregs satsing på språkteknologi i det internasjonale urfolksspråktiåret 2022–2032 og eit bidrag til det viktige arbeidet med å sikre at samiske språk og andre urfolksspråk kan brukast i ei digital tid.

- Noregs hovudprioritet i arbeidet med FNs tiår for urfolksspråk 2022–2032, er samisk språkteknologi. Vi sit i styringsgruppa for språktiåret og leiar saman med Sametinget eit nasjonalt samarbeidsforum for Noregs innsats i tiåret. Då er det viktig for oss at vi tar denne rolla på alvor, noko vi viser med denne løyvinga, seier Gjelsvik.

Divvun driv med utvikling av samisk språkteknologi. Dei arbeider for at samiske språkbrukarar skal få tilgang til dei same verktøya når dei skriv samisk som når dei skriv norsk. Det er utvikla ordbøker, stave- og retteprogram, grammatikkontrollar og tastaturløysingar med samiske særteikn for PC og mobil. Verktøya blir utvikla med fri kjeldekode for universell bruk.

- Divvun gjer eit framifrå arbeid på området, og dei er nokså unike innanfor sitt felt. Det er derfor svært viktig å støtte dette arbeidet, slik at dei kan fortsette å utvikle gode verktøy både for dei samiske språka og andre minoritetsspråk, seier Gjelsvik.

 

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00