Historisk arkiv

Revidert nasjonalbudsjett 2013

Enklare reglar om handsaming av skatteklager

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Finansdepartementet

Finansdepartementet foreslår at skattekontoret skal kunne avgjere klager der skattytaren skal få medhald i saka. Etter gjeldande reglar må skatteklagenemnda avgjere slike klager.

Finansdepartementet foreslår at skattekontoret skal kunne avgjere klager der skattytaren skal få medhald i saka. Etter gjeldande reglar må skatteklagenemnda avgjere slike klager.

– Forslaget vil redusere talet på saker som skatteklagenemnda skal avgjere. Skatteklagenemnda kan dermed konsentrere seg om dei sakene der det er reell usemje mellom skattekontoret og skattytaren. Det er nettopp i disse sakene det er viktig at skattytaren får ei grundig og uavhengig handsaming av nemnda, seier finansminister Sigbjørn Johnsen.

Forslaget vil også redusere handsamingstida i saker der skattekontoret meiner skattytaren bør få medhald. Disse sakene kan nå bli avgjort utan at dei må bli handsama i skatteklagenemnda, noko som vil være en fordel for dei skattytarane det gjelder.

 


 

Mer om Revidert nasjonalbudsjett 2013:

 

Finansdepartementets pressemeldinger og faktaark

Pressekonferansen til finansministeren


Budsjettdokumentene

Til toppen