EU-kommisjonen ber om synspunkt på korleis marknaden for ESG-vurderingar fungerer
Nyheit | Dato: 08.04.2022 | Finansdepartementet
EU-kommisjonen har publisert ei høyring, der han ber om innspel til ein gjennomgang av korleis marknaden for ESG-vurderingar fungerer, og korleis kredittvurderingsbyrå tar omsyn til ESG-risikoar i vurderingane sine av kredittverdigheit.
ESG er ei forkorting for «Environmental» (miljø), «Social» (samfunn) og «Governance» (eigarstyring). Høyringa er eit ledd i oppfølginga av ein strategi for berekraftig finans som EU-kommisjonen la fram i juli 2021. Innspela som kjem i høyringa, vil vere grunnlag for ei vurdering av om det er behov for regelverksinitiativ på området.
Den primære målgruppa for høyringa er tilbydarar av ESG-vurderingar, kredittvurderingsbyrå, investorar, selskap, styresmakter og sivilsamfunn.
Det er opna for tilbakemelding fram til 6. juni 2022.
Finansdepartementet oppfordrar norske interessentar til å gi innspel via EU-kommisjonens nettsider.
Dersom det er forhold av særleg betydning for norske interesser som Finansdepartementet bør vere merksam på, ber departementet om innspel innan 20. mai 2022. Innspel blir sendt på e-post til postmottak@fin.dep.no.