Fekk utgreiing om erfaringane med EØS

Utanriksminister Espen Barth Eide tok i dag imot ei utgreiing om erfaringane med EØS-samarbeidet sidan 2012.

Bilde av utenriksminister Eide og Line Elding stådene og tar hverandre i hånden
Utanriksminister Espen Barth Eide og utvalsleiar Line Eldring under pressekonferansen. Foto: UD

Regjeringa utnemnde i mai 2022 eit utval som fekk i oppdrag å vurdere erfaringane frå EØS-avtalen og andre avtalar Noreg har hatt med EU dei siste ti åra. I dag blei EØS-utgreiinga, i form av ei offentleg utgreiing (NOU) overlevert til utanriksminister Espen Barth Eide.

– EØS-avtalen har tent Noreg godt i 30 år. Utgreiinga viser tydeleg at EØS-avtalen gir Noreg, norsk næringsliv og norske borgarar fordelar som andre og mindre forpliktande avtalar ikkje vil gi, seier utanriksminister Espen Barth Eide.

Utgreiinga inneheld ei rekkje konkrete tilrådingar om korleis Noreg bør forvalte avtalen og gripe moglegheitene EØS-avtalen gir.

– Rapporten kjem på eit viktig tidspunkt. Verda, Europa og Norden er i ei brytningstid, samtidig som utviklinga i EU går stadig raskare. No skal vi gå gjennom tilrådingane frå utvalet for å sikre at vi varetek norske interesser på ein best mogleg måte innanfor EØS-avtalen, seier utanriksministeren.

Utgreiinga vil bli lagt ut på høyring.

– Regjeringa bad om denne utgreiinga for å få oppdatert kunnskap om verdien av EØS-avtalen. Rapporten gir viktige svar og vurderingar. Ikkje minst viser han korleis brexit, pandemien og krigen i Ukraina har endra Europa. Rapporten viser klart at EØS-avtalen er nødvendig for å vareta Noregs forhold til EU. Vi er tente med ein kunnskapsbasert diskusjon om Europa, EU og EØS, og eg håpar derfor mange vil ta seg tid til å lese denne rapporten, seier utanriksminister Eide.

EØS-avtalen

Bilde av utvalget stående oppstilt, syv personer
Utvalet var òg til stades. Foto: UD

Det overordna målet med EØS-avtalen er å knyte Noreg, Island og Liechtenstein til EUs indre marknad. Den indre marknaden består av til saman 30 land i Europa (EUs 27 medlemsstatar og saman med Noreg, Island og Liechtenstein) med meir enn 450 millionar innbyggjarar. Avtalen tredde i kraft 1. januar 1994.

EØS-avtalen gir norsk næringsliv og nordmenn dei same rettane og pliktane som næringsliv og borgarar i andre EØS-land til mellom anna rett til å ta arbeid, investere, studere og bu i EØS-land, og handle med varer og tenester.

EØS-avtalen omfattar òg samarbeid på viktige område som miljø, utdanning, forsking, innovasjon og teknologi, informasjonstenester, transport, energi, elektronisk kommunikasjon, likestilling, statistikk, små- og mellomstore bedrifter, kultur- og mediespørsmål, turisme, sivil beredskap, helse- og forbrukarspørsmål, arbeidslivsspørsmål og sosiale spørsmål.

Om EØS-utgreiinga

I mai 2022 utnemnde regjeringa eit uavhengig utval som skulle vurdere erfaringane frå EØS-samarbeidet dei siste ti åra. Mandatet frå utvalet har òg vore å gi råd om korleis norske interesser best kan varetakast i samarbeidet med EU innanfor ramma av EØS. Utvalet har òg sett på erfaringane Storbritannia, Sveits og Canada har frå samarbeidsformene sine samarbeid med EU.

Utvalet blei leidd av avdelingsleiar i Fellesforbundet Line Eldring.

Resten av medlemmene er:

  • Stig Eidissen, advokat i KS Advokatene
  • Halvard Haukeland Fredriksen, professor ved Universitetet i Bergen
  • Oda Helen Sletnes, pensjonert diplomat
  • Christian Anton Smedshaug, dagleg leiar i Agri Analyse
  • Anne Elizabeth Stie, førsteamanuensis, Universitetet i Agder
  • Knut Erling Sunde, direktør i Norsk Industri