Felles ladar for mobiltelefonar frå desember 2024
Nyheit | Dato: 19.12.2022 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Frå 28. desember 2024 vil det ikkje være nødvendig å bytte ut lader når du kjøper ny mobiltelefon eller nettbrett. Frå denne datoen skal alle nye mobiltelefonar bruke same type lader.
Forbrukarar skal også ha høve til å kjøpe produkt og ladeutstyr kvar for seg.
EU vedtok 23. november i år krav til felles ladestandard for mobiltelefonar og ei rekke typar små berbare elektroniske einingar. Det er standarden USB-C, som mellom anna Android- telefonar blir lada med, som er valt.
Krav til standard ladekabel gjeld for følgjande produkt:
- Mobiltelefonar
- Nettbrett og lesebrett
- Digitalkamera og videospillkonsollar
- Høyretelefonar (hovudtelefonar og øretelefonar)
- Berbare høgtalar
- Trådlaus mus og trådlause tastatur
- Berbare navigasjonssystem
- Berbare datamaskinar
For berbare datamaskinar vil krava først gjelde frå 28. april 2026.
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) er ansvarleg for å utarbeide forskrifter i samband med det nye regelverket. Det er også Nkom som vil kontrollere at produkta som blir selde oppfyller krava.