Historisk arkiv

Fem kandidatar frå Nord-Noreg konkurrerer om nasjonal jordvernpris

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Å motivere til nyskapande strategiar og tiltak som tek vare på Noreg si matjord, er målet når nasjonal jordvernpris blir delt ut i år. Blant 23 nominerte kandidatar kjem fem frå Nord-Noreg.

– Kun tre prosent av Noreg sitt landareal er i dag dyrka mark. For å bevare matjorda arbeider Regjeringa for å avgrense omdisponering av dyrka jord, og det er naudsynt at både fylkeskommunar og kommunar legg gode planar for å spare mest mogleg av den dyrka marka, sier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

Nasjonal jordvernpris er eit tiltak i Regjeringa si nasjonale jordvernstrategi. Prisen bidreg til å auke merksemda om jordvernet, og får fram gode idéar, tiltak, planar og strategiar som tek vare på matjorda vår. Juryen, som blir leia av landbruks- og matministeren, skal vurdere 23 nominerte kandidatar og av dei kjem fem frå Nord-Noreg. 

Dei fem nominerte frå Nord-Noreg:

1. Steigen, Nordland 

Steigen kommune synleggjer landbruket i den reviderte kommuneplanen. Dei har redusert landbruks-, natur- og friluftsområda med mål om å opne for bustad på mindre område, og for å ta vare på større samanhengande jordbruksområde. Dei har ogso laga eit kart over jordbruksareal og kulturlandskap som inngår som retningliner i planbestemmingane til kommuneplanen sin arealdel. 

2. Harstad, Troms

Harstad kartfesta landbruket sine kjerneområde i kommunenplanen sin arealdel allereie i 2009/2010. Planarbeidet var nyskapande og har danna eit grunnlag for fylkeskommunen sitt arbeid med å kartfeste landbruket sitt kjerneområde i 2014. Kommunen har fått på plass ein einskapleg  plan over landbruket, som tek omsyn til jordvern og landbruksnæringa. Kommunen reviderer no sin arealplan i 2017 for å sjå om noko må bli endra på. 

3. Sortland, Nordland

Sortland kommune har utvikla ein byplan som inneheld eit kart over byvekstgrensene. Kartet bidreg til å setje problemstillinga mellom vekst og vern på dagsorden, og tek stilling til kva slags jordbruksarealer som skal blit tatt vare på. 

4. Troms Fylkeskommune

Troms Fylkeskommune viser at dei ønskjer å ta eit aktivt grep for å sikre og utvikle landbruksnæringen sin. Dei har utarbeida ein regional plan for landbruk i Troms frå 2014 til 2015 som vart vedtatt 14.10.2014. I planen er det lagt vekt på at landbruket sine kjerneområde skal bli innarbeida i kommunen sin samfunns- og arealplan. Gjennom dette arbeidet  har Fylkeskommunen takk eit aktivt grep i arealplanlegginga for å ta omsyn til jordvern og landbruket. 

5. Sør-Varanger, Finnmark

Sør-Varanger kommune byggjer ikkje ned mykje jordbruksareal. Dei har nyleg utarbeida ein god og bred landbruksplan som inngår i kommuneplanen. Dei er bevisste på jordvern og tek omsyn til jordbruket i kommuneplanarbeidet. Kommunen har ein relativ stor utvikling og utbygging, men det går ikkje utover jordbruket.