Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2021:

Fleire får varig tilrettelagt arbeid

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til varig tilrettelagt arbeid (VTA) med 39 millionar kroner i statsbudsjettet for 2021. Styrkinga medfører ein auke på om lag 300 nye VTA-plassar.

– Gjennom varig tilrettelagt arbeid kan personar med behov for spesiell tilrettelegging og tett oppfølging inkluderast i arbeidslivet. Dette arbeidsmarknadstiltaket betyr mykje for ei sårbar gruppe, og er spesielt viktig i ei tid med ein krevjande arbeidsmarknad, seier arbeids- og sosialminister Henrik Asheim.

Varig tilrettelagt arbeid er eit arbeidsmarknadstiltak til uføretrygda med spesiell tilrettelegging og tett oppfølging. Regjeringa signaliserte eit ønske om å styrke ordninga i Jeløy-plattforma i 2018 og i Granavolden-plattforma i 2019. Sidan Solberg-regjeringa tiltredde i 2013 har talet på VTA-plassar auka med over 2000.

– Vi må inkludere fleire i arbeidslivet. Med denne styrkinga vil vi kunne gi arbeid til om lag 11 400 personar som ellers ville hatt små sjansar i arbeidsmarknaden. Det er eit historisk høgt nivå, seier Asheim.