Revidert nasjonalbudsjett

Fleire midlar til steinkyrkjer

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Dei eldste steinkyrkjene i landet skal setjast i stand til tusenårsmarkeringa av Stiklestad i 2030. – Regjeringa føreslår å løyve fem millionar kroner som eit bidrag i dette arbeidet, seier trus- og livssynsminister Kjersti Toppe (Sp).

Midlane skal gå til å utarbeide grundige tilstandsrapporter, og å registrere data i kyrkjebyggdatabasen for dei kyrkjene som har tilstandsrapporter av nyare dato. Tilstandsrapportene legg grunnlag for prioritering, budsjettering og framdriftsplan for istandsetjing av kyrkjene.

I dårleg stand

Det er berre åtte år til tusenårsmarkeringa av slaget på Stiklestad i 2030 og det finst 159 middelalderkyrkjer i stein.

– Mange av dei gamle steinkyrkjene er i dårleg stand, så det hastar med ein målretta innsats mot dei dårlegast vedlikehaldne, seier Toppe.

Kyrkjekontrollen i 2021 avdekka at 27 prosent av mellomalderkyrkjene i stein hadde ikkje tilfredsstillande eller dårleg tilstand på yttertak og tårn, 53 prosent hadde ikkje tilfredsstillande eller dårleg tilstand på yttervegger og 24 prosent hadde ikkje tilfredsstillande eller dårleg tilstand på grunn og fundament.

Auka statleg innsats

Frå 1. januar 2023 skal verdiane i Opplysningsvesenets fond (Ovf) delast mellom staten og Den norske kyrkja. Staten skal auke innsatsen sin til sikring og istandsetting av dei kulturhistoriske viktige kyrkjebygga tilsvarande det som blir staten sin del av fondet. Statlege midlar til istandsetjinga skal etter planen fordelast ut i frå eit bevaringsprogram. Tilstandsundersøkingane gir viktig informasjon til utarbeiding av bevaringsprogrammet.