Fleire og betre lærarar i skolen

Regjeringa foreslår 122 millionar kroner til fleire lærarspesialistar og 230 millionar kroner til kompetanseutvikling lokalt på skolane. Ho vil også løyve 1,6 milliardar kroner til vidareutdanning av lærarar, og om lag 1,5 milliardar kroner til høgare lærartettleik i statsbudsjettet for 2019.

– Ingen elevar skal gå ut av grunnskolen utan å ha lært å lese, skrive og rekne skikkeleg, og dei som slit, skal få hjelp tidleg. Vi fortset satsinga på tidleg innsats, og vi tek grep som gir fleire gode lærarar og elevane betre oppfølging, seier kunnskaps – og integreringsminister Jan Tore Sanner.

Tidleg innsats har vore eit av regjeringas viktigaste satsingsområde sidan 2013.

122 millionar til lærarspesialistar

Regjeringa vil styrke ordninga med lærarspesialistar med om lag 50 millionar kroner, til totalt 122 millionar kroner. Det vil gi 1200 dyktige lærarar moglegheit til profesjonell vidareutvikling og ei karriereveg i skolen, samstundes som dei held fram med arbeidet i klasserommet. Lærarspesialistane er spesialistar i sitt fag eller i begynnaropplæringa for dei yngste elevane. Dei bidrar til å utvikle kvaliteten på undervisninga på dei skolane der dei arbeider.

– Vi vil at elevane skal lære og meistre meir. Da må vi sørge for at engasjerte og dyktige lærarar får utvikle seg i skolen slik at dei fortset å bidra i klasserommet, og ikkje finn karrierevegar utanfor skolen, seier Sanner.

230 millionar til kompetanseutvikling

Regjeringa foreslår også å utvide tilskotet til ordninga med desentralisert kompetanseutvikling på skolane, frå 200 millionar i 2018 til 230 millionar i 2019. Her  bestemmer kommunane saman med fylkeskommunane og fylkesmennene kva for tema og område dei treng å bli betre i.

– Det er viktig at skolane driv med kvalitets- og kompetanseutvikling og at det er tilpassa lokale behov. Med vår satsing på lokal kompetanseutvikling kan skolar som til dømes slit med svake matematikkresultat, få pengar til kompetansetiltak for matematikklærarar, medan skolar som slit med mobbing, kan prioritere kompetanseheving i læringsmiljø, seier Sanner.

1,6 milliardar til vidareutdanning

Regjeringa fortset satsinga på vidareutdanning for lærarar. Målet er at alle lærar som underviser i matematikk, engelsk og norsk, skal ha tilstrekkeleg fordjuping i faga innan 2025. Sidan regjeringa starta satsinga i 2014, har 27 000 lærarar fått tilbod om vidareutdanning.

– Elevar og foreldre skal være trygge på at lærarane er fagpersonar med solid kompetanse. Det gir betre læring til elevane. Derfor vidarefører vi satsinga på vidareutdanning med 1,6 milliardar kroner, seier Sanner.

1,5 milliardar til lærartettleik

Hausten 2018 blei det innført ein lærarnorm i grunnskolen, som gir høgare lærartettleik. Frå hausten 2019 skal ho trappast opp, slik at det skal vere maksimalt 15 elevar per lærar på 1. til 4. trinn og 20 elevar per lærar på 5. til 10. trinn.

Regjeringa foreslår 1,5 milliardar øyremerkt til finansiering av auka lærartettleik. I tillegg foreslår regjeringa å styrke dei frie inntektene til kommunane med 200 millionar kroner som kan brukast til tidleg innsats og fleire lærarar. 

– Fleire og betre lærarar er ein viktig del av regjeringa si satsing på tidleg innsats. Sidan 2015 har vi saman med Kristeleg Folkeparti sørgt for at det er blitt færre elevar per lærar, sjølv om det er blitt fleire elevar totalt, seier Sanner.

Til toppen