Gratulerer Angela Merkel med Nansenprisen 2022

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

– Merkel har vore ei framtredande og modig drivkraft i Tyskland og i Europa, spesielt for å beskytta flyktningar i ei vanskelig tid, seier utanriksminister Anniken Huitfeldt.

I dag offentleggjorde FN at tidlegare forbundskanslar i Tyskland, Angela Merkel, får tildelt Nansenprisen 2022 for sin innsats for folk drivne på flukt. Merkel var ein sentral politisk aktør og hadde ei viktig stemme og rolle i den globale debatten om flyktningkrisa etter at krigen i Syria braut ut. Prisen blir delt ut av FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR).

– Vi klarar dette, sa Merkel. Det vart ei rettesnor for fleire land, og viste den politiske viljen ho hadde til å ta imot folk drivne på flukt frå krig og konflikt. Eg gratulerer henne med Nansenprisen i år, seier Huitfeldt.

Den norsk-støtta prisen løftar fram innsatsen til personar og organisasjonar som kjempar for rettane og tilhøva for menneske som er drivne på flukt. På verdsbasis lever no meir enn 100 millionar menneske eit liv på flukt. Det gjer arbeidet til FNs høgkommissær for flyktningar viktigare enn nokon gong.

– Prisen er ein viktig del av den humanitære arva etter Fridtjof Nansen. Det er 100 år sidan Nansen fekk Nobels fredspris for innsatsen for flyktningane etter første verdskrig. Det er også 100 år sidan han skapte Nansenpasset for å hjelpe statslause flyktningar, seier Huitfeldt.

I tillegg til Merkel, blir også fire regionale vinnarar tildelt prisen.

Midtausten: Dr. Nagham Nawzat Hasan er gynekolog og menneskerettsforkjempar frå Irak. Ho er sjukehusdirektør ved Sheikhan Hospital, og tilbyr medisinsk behandling og psykisk helsehjelp til yazidi jenter og kvinner som har vorte utsett for seksuell mishandling. Dr. Hassan er sjølv yazidi, og måtte flykte frå heimstaden Mosul då den kom under IS-åtak i 2014.

Amerika: Doña Vicenta González, Costa Rica. 73 år gamle González har arbeidd i 50 år for å hjelpe hundrevis av flykningar, spesielt kvinner som kjem frå Nicaragua. Ho har vore jordmor, starta økologisk kaffiproduksjon og jobba for kvinners rettar og moglegheiter i samfunnet. Hennar innsats har især vore retta mot overlevande etter seksuell – og kjønnsbasert vald.

Afrika: Det frivillige flyktning-brannvesenet, Mauritania. Organisasjonen Brigade Anti-Feu (BAF) starta i 2017 med flyktningar i flyktningleiren Mbera i Mauritania. I dag jobbar 250 maliske flyktningar og mauritanske frivillige i brannvesenet. Dei bidreg til å beskytte flyktningar, nærmiljøet og beitemarkene, mellom anna med brannmurar og varslingsnettverk.

Asia: MeikSwe, Myanmar. Organisasjonen MeikSwe Myanmar starta i 2004 for helsehjelp til folk på flukt i eige land, spesielt kvinner, barn og dei som lever med hiv og aids. Frå 2020 til 2021 hjalp MeikSwe over 24.000 internt fordrivne. Dei bidreg også med utdanning, akutt hjelp i kriser og opplæring av lokale organisasjonar i fleire regionar i Myanmar.

Noreg var med på å etablere Nansenprisen i 1954. Prisen ber namnet sitt etter den fyrste høgkommissæren for flyktningar, Fridtjof Nansen. Med stønad frå Noreg og Sveits blir den årlege prestisjetunge humanitære heiderstittelen delt ut av FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR).

Statssekretær Erling Rimestad vil vere til stades under prisutdelinga 10. oktober. Årets prisseremoni vert vist på www.youtube.com/unhcr.

Les meir om Nansen: Fridtjof Nansen – den visjonære hjelpearbeideren med ekstraordinært pågangsmot og gjennomføringsevne – UNHCR Norge