Føreslår fleire endringar i trussamfunnslova

Regjeringa sender på høyring eit lovforslag om endringar i trussamfunnslova. For at trus- og livssynssamfunn skal få tilskot, blir det føreslått endringar som skal sikre minst 40 prosent representantar av kvart kjønn i dei styrande organa. Ein ber òg om innspel til nye krav om talet på medlemmar for å ha rett til tilskot, og innføring av eit nytt demokratikrav.

– Regjeringa ønskjer eit livssynsopent samfunn, der alle har respekt for og kunnskap om livssynet til andre, men at det òg skal stillast krav til trus- og livssynssamfunna. Vi må derfor finne fram til ein rimeleg balanse mellom ein livssynsopen politikk, og innsyn, krav og kontroll. Det er dette som ligg bak forslaga som vi no sender på høyring, seier trus- og livssynsminister Kjersti Toppe (Sp).

I høyringa følgjer regjeringa opp punkta i Hurdalsplattforma om at dei administrative organa i trussamfunnas styrer skal vere demokratisk valde og ha minst 40 prosent av kvart kjønn, og punktet om å sikre trus- og livssynssamfunn føreseieleg finansiering, men gjennomgå kriteria for støtte.

Ønskjer meir kjønnsbalanse

Når det gjeld kravet om kjønnsbalanse (40/40) blir det sendt på høyring tre ulike modellar:

  • Modell 1, der krav om kjønnsbalanse er retta mot alle dei styrande organa i truss- og livssynssamfunnet, og samfunnet har plikt til å jobbe for 40–40 kjønnsrepresentasjon. Samfunnet risikerer ikkje å bli nekta tilskott om dei ikkje oppnår 40 prosent kvinner og menn, men må vise korleis dei arbeider for det (aktivitetskrav).
  • Modell 2, der krav om kjønnsbalanse er retta mot sentralorganet i truss- og livssynssamfunnet, og det er eit absolutt krav at samfunnet har 40–40 kjønnsrepresentasjon. Gjer ein ikkje dette, kan samfunnet nektast tilskot.
  • Modell 3, der et absolutt krav om kjønnsbalanse er retta mot sentralorganet i truss- og livssynssamfunnet, og at samfunnet har plikt til å jobbe for 40–40 kjønnsrepresentasjon også i andre styrande organ. Gjer ein ikkje dette, kan samfunnet miste tilskot.

Av desse modellane, blir det i høyringa peika på modell 1 som den mest aktuelle.

Innspel til nye krav om talet på medlemmar

I høyringa blir det ikkje føreslått eit nytt krav til tal på medlemmar for å kunna registrerast og få tilskot, men ein ber om innspel på verknadene av eit krav om 100, 300 og 500 medlemmar, mot dagens krav om 50 medlemmar.

– Eg vil òg sjå nærare på korleis vi kan styrkje dialogen med trus- og livssynssamfunna. I høyringsutkastet ber vi derfor om innspel til korleis dialogen mellom trus- og livssynssamfunna og styresmaktene kan vidareutviklast slik at den støttar opp om det livssynsopne samfunn.  

Vil ha demokratikrav

Departementet føreslår også at motarbeiding av den demokratiske styreforma i Norge blir lagt til som eit grunnlag for å nekte tilskot i trussamfunnsloven § 6 første ledd.

Les høyringa.