Statsbudsjettet 2024

Full framdrift i pågåande utbyggingsprosjekt på jernbanen

– Regjeringa foreslår å bruke om lag ein tredel av samferdselsbudsjettet på jernbane. Full framdrift i alle pågåande utbyggingsprosjekt, vedlikehald etter ekstremvêret «Hans» og betre rutetilbod er blant dei viktigaste prioriteringane, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Regjeringa foreslår å løyve 32,3 milliarder kroner til jernbaneformål i 2024. Dette er ein auke på 2,7 prosent frå saldert budsjett 2023, men prisveksten gjer at budsjettforslaget i realiteten er ein liten nedgang.  

Vidarefører utbygging av store pågåande prosjekt 

– Regjeringa legg opp til eit ansvarleg og realistisk budsjett. Det er eit høgt aktivitetsnivå i jernbanesektoren, og vi prioriterer derfor å halde fram med full framdrift i alle dei store, pågåande utbyggingsprosjekta. Dette er prosjekt som vil gi ein meir påliteleg og føreseieleg jernbanekvardag for både passasjerar og næringsliv, seier samferdselsministeren.

Til investeringar på jernbanenettet foreslår regjeringa å løyve 17,4 milliardar kroner. Store beløp er sette av til dei pågåande InterCity-prosjekta som skal gi raskare reiser og fleire avgangar på Austlandet. Dette omfattar mellom anna Sandbukta – Moss – Såstad på Østfoldbanen, Drammen – Kobbervikdalen og Nykirke – Barkåker på Vestfoldbanen og Kleverud – Sørli – Åkersvika på Dovrebanen.

Elektrifiseringa av Meråkerbanen og Trønderbanen fram til Stjørdal skal bidra til raskare og meir klimavenleg togframføring i Trøndelag. Til neste år skal dobbeltsporet på strekninga Bergen stasjon – Fløen på Vossebana opne for trafikk. Dobbeltsporet gjer det mogleg å auke person- og godstogtrafikken til og frå Bergen.  

Løyvingsforslaget inkluderer midlar til vidare innføring av det digitale signal- og sikringssystemet ERTMS på heile det norske jernbanenettet. Prosjektet skal mellom anna bidra til betre regularitet og gjere togtrafikken meir punktleg. Det er lagt opp til å ta i bruk ERTMS på nordre del av Gjøvikbanen i 2024.

Mindre investeringsprosjekt

I forslaget til investeringsløyving er det óg prioritert 20 millionar kroner i 2024 til planlegging av tiltak for å setje i stand delar av Tinnosbanen, som står oppført på UNESCOs verdsarvliste.

Regjeringa foreslår midlar til auka kapasitet for godstransport ved Narvik stasjon. Tiltaket vil bidra til ein meir effektiv godstransport på Ofotbanen i 2026.  

Foreslår planleggingsmidlar til fellesprosjektet E16 Vossebana

I foreslått løyving til vegformål har regjeringa prioritert midlar til vidare planlegging av fellesprosjektet E16 Vossebana. Prosjektet skal etter planen realisere både ny veg og jernbane på den rasutsette strekninga Arna – Stanghelle.

Betre togtilbod på Gjøvikbanen og Vossebana

Regjeringa foreslår å løyve 5,4 milliardar kroner til kjøp av persontransporttenester med tog. Blant tiltaka som skal gi eit betre togtilbud, er innføring av timesfrekvens for regiontoga på Gjøvikbanen og kvartersavganger for lokaltoga mellom Arna og Bergen på Vossebana.

«Midtlivsoppgraderte» togsett – av togtype 72 – skal gjere reiseopplevinga meir komfortabel, mellom anna for lokaltogpassasjerane på Jærbanen.

Meir til drift og vedlikehald av jernbanen

Regjeringa foreslår å løyve 8,6 milliarder kroner til drift og vedlikehald av jernbanenettet, ein auke på 10,1 prosent frå saldert budsjett 2023. Løyvingsforslaget inneheld mellom anna midlar til vedlikehald etter ekstremvêret Hans, og gjer det mogeleg å prioritere minimum 3,7 milliardar kroner til fornyingstiltak.

– Klimaendringar gir meir ekstremvêr. Bane NOR, som har ansvaret for infrastrukturen, prioriterer å setje jernbanen i stand etter flom og skred, slik at infrastrukturen kan vere open for trafikk, seier  samferdselsministeren.  

Vedlikehaldsetterslepet på jernbanen er rekna til å auke med 1,8 milliardar kroner i 2024, til 32,9 milliarder kroner ved utgangen av året.

– Sjølv om vedlikehaldsetterslepet aukar, er det viktig å rette innsatsen der det gir mest mest effekt, slik at midlane blir brukt best mogleg, seier Nygård.

Økonomisk støtte til godstogselskap

Ekstremverêt Hans førte til at Randklev bru på Dovrebanen kollapsa i august 2023. Det er venta at ny jernbanebru over Gudbrandsdalslågen i Ringebu ikkje vil opne for trafikk før i 2024.

For å kompensere godstogselskap som er råka av brukollapsen, foreslår regjeringa å løyve 150 millionar kroner i 2024 til ei mellombels tilskotsordning. Denne ordninga skal gjelde fram til Dovrebanen blir opna for gjennomgåande trafikk. Støtte til persontogselskapa blir handtert gjennom eksisterande avtalar mellom togselskapa og Jernbanedirektoratet.  

I tillegg foreslår regjeringa å løyve 101 millionar kroner til å vidareføre støtteordninga for godsoverføring frå veg til bane. Tilskotsordninga kjem samfunnet til gode i og med at  jernbanetransport i mange tilfelle er langt meir miljøvennleg enn vegtransport.