Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2020:

Foreslår sal av GIEK Kredittforsikring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Regjeringa ber Stortinget om fullmakt til heilt eller delvis sal, eventuelt avvikling, av GIEK Kredittforsikring AS. Til erstatning foreslår regjeringa å opprette eit statleg tilbod av kortsiktig kredittforsikring for eksport til såkalla "non-marketable" land, det vil seie alle andre land enn EU-landa, EFTA-landa, Australia, Canada, Japan, New Zealand og USA.

GIEK Kredittforsikring AS er eit statleg eia selskap som tilbyr kortsiktig kredittforsikring på kommersielle vilkår. Dei siste åra har selskapet gått med underskot. Manglande utsikter til lønnsemd og potensiell statsstønadproblematikk for brorparten av GIEK Kredittforsikrings verksemd gjer at regjeringa ikkje vil oppretthalde selskapet slik det er i dag. På bakgrunn av dette har regjeringa bedt Stortinget om fullmakt til heilt eller delvis sal, eventuell avvikling, av GIEK Kredittforsikring.

– Regjeringa meiner at det stort sett er ein velfungerande marknad for kortsiktig kredittforsikring, og at norske bedrifter i stor grad har tilgang på kredittforsikring frå private aktørar. Likevel ser regjeringa at det private tilbodet er noko meir ustabilt i enkelte land, og at i enkelte marknader vil eit statleg tilbod vere einaste alternativ, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

Regjeringa foreslår derfor å opprette eit statleg tilbod av kortsiktig kredittforsikring for eksport til såkalla "non-marketable" land, som eit supplement til marknaden, innanfor EØS-avtalens reglar om offentleg stønad. Tilbodet vil forvaltast av GIEK. Bedrifter som sel til såkalla non-marketable land og som ikkje får eit tilbod i den private marknaden, vil dermed kunne søkje om kredittforsikring frå GIEK, på marknadsmessige vilkår. Eit slik tilbod vil også ha ein beredskapsfunksjon i eit scenario der det private kredittforsikringstilbodet sviktar.