Forskrifter om barnehageverksemd, grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring i Longyearbyen sendt på høyring

Kunnskapsdepartementet sender no på høyring to forskrifter med nye reglar for barnehageverksemd, grunnskole og vidaregåande opplæring i Longyearbyen på Svalbard.

Forslaga er utarbeidde med utgangspunkt i norsk svalbardpolitikk. Barn og unge i Longyearbyen skal ha eit barnehage- og skoletilbod av god kvalitet. Samstundes krev svalbardpolitikken at tilbodet og rettane der er avgrensa samanlikna med i Fastlands-Noreg.

Høyringsnotatet drøftar desse omsyna.

Det var i stortingsmeldinga om Svalbard at regjeringa først lova ein gjennomgang av rekkevidda til barnehagelova og opplæringslova på Svalbard.