Historisk arkiv

Forslag i ny lovproposisjon gjer det enklare å byggje nye fartøy

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Regjeringa har i dag fremja fleire forslag om endringar i fiskerilovgivinga. Eit forslag opnar for bruk av leigefartøy ved kontrahering av nybygg. Det vil gjere det enklare for reiarlaga å finansiere bygging av nye fartøy. - Skal Noreg vere den fremste sjømatnasjonen i verda, må vi leggje til rette for ein moderne norsk fiskeflåte, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

Fiskeri- og kystdepartementet har gjennomført ein etterkontroll av delar av fiskerilovgivinga. - Det har vore ei målsetjing å forenkle og forbetre regelverket. Derfor foreslår vi nå fleire endringar i loverket, seier fiskeri- og kystministeren.  Dei fleste forslaga til endringar finn vi i deltakarlova og fiskeriforbodslova, men det vert òg foreslått nokre endringar i havressurslova, lov om Noregs økonomiske sone og Svalbardlova.  Det har vore gjennomført ei allmenn høyring av saka.

Forslaget om leigefartøy inneber mellom anna eit krav om at reiarlaget har inngått skriftleg avtale om kjøp av nybygg, og at nybygget etter avtalen skal leverast innan to år. Det vil vere nødvendig med ein eigen prosess med høyring av forskriftsendringar før ei ordning med leigefartøy ved kontrahering av nybygg kan vere på plass.