Forslag til endringar i ordninga for reisegaranti på høyring

No sendes reisegarantiutvalets rapport med forslag til endringar av reisegarantisystemet for pakkereiser på høyring.

Utvalet leverte rapporten sin 9. november 2021. Utvalet har vurdert alternative modellar for reisegarantisystemet for pakkereiser. Barne- og familiedepartementet ber no om innspel til rapporten frå relevante fagmiljø og interesseorganisasjonar. Høyringsfristen er 15. august 2022.

– I Hurdalsplattforma seier vi at regjeringa vil vurdere endringar i ordninga for reisegaranti i lys av koronapandemien. Rapporten frå utvalet vil vera eit sentralt utgangspunkt for mitt og regjeringa sitt vidare arbeid, seier forbrukarminister Kjersti Toppe (Sp).

Les høyringa.