Historisk arkiv

Forsvarsministrane i NATO diskuterte vegen vidare i Afghanistan

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Forsvarsdepartementet

NATOs operasjon i Afghanistan var blant tema da forsvarsministrane i NATO møttest digitalt 17. og 18. februar.

-Det har vore eit viktig prinsipp for Noreg at NATO må stå samla når det gjeld operasjonen i Afghanistan. Vi gjekk inn saman, har justert innretninga saman og går ut igjen saman. Forsvarsministermøtet diskuterte den vidare innretninga for operasjonen i landet, men det vart ikkje gjort konkrete slutningar om justeringar i nærværet til NATO på nåverande tidspunkt. Det er viktig å vere klar over at NATOs slutningar kan påverke fredssamtalane i Afghanistan, og det tok vi sjølvsagt omsyn til, seier forsvarsminister Frank Bakke-Jensen.

NATO møtet ble gjennomført digitalt.
NATO møtet ble gjennomført digitalt. Foto: NATO

På agendaen sto også NATO-operasjonen i Irak (NATO Mission Iraq). Forsvarsministermøtet godkjende ein revidert operasjonsplan. Den endelege innretninga på NATOs nærvær i Irak vil vera avhengig av amerikanske planar knyta til Operation Inherent Resolve (OIR). Noreg meiner at NATO skal vere varsame med å ta på seg eit større ansvar enn naudsynt i Irak. Det er viktig med irakisk leiarskap i stabiliseringsarbeidet. NATO skal ha ei støtterolle. Vidare har Noreg minna om at det er viktig å oppretthalde brei støtte til engasjementet hjå dei regionale landa. Noreg opprettheld den tidlegare slutninga si om å kunne bidra med inntil ti personell til NATOs operasjon i Irak.

Styrke samarbeidet i alliansen
NATO-møtet var det første der den nye amerikanske forsvarsministeren, Lloyd Austin, var med.

-Eg ser frem til samarbeidet med den nye amerikanske forsvarsministeren. USA er og blir vår viktigaste allierte. Austin har vært tydeleg på at dei vil prioritere og styrke samarbeidet i NATO, og dei framhevar kor viktig det er at forholdet mellom USA og Europa fortset å vere sterkt. Det er tydeleg at dei legg vekt på vårt verdifellesskap og vår kollektive sikkerheit, seier Bakke-Jensen.

Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen og politisk rådgiver Johannes Utvåg på vei til dagens NATO møte.
Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen og politisk rådgiver Johannes Utvåg på vei til dagens NATO møte. Foto: Torbjørn Kjosvold, Forsvaret

Eit anna sentralt tema i alliansen er byrdefordeling. Det er eit mål for alle landa å bruke minst to prosent av bruttonasjonalprodukt på forsvar.

-Det er gledeleg at fleire allierte når målet om å bruke to prosent av BNP til forsvarsformål. Noreg er blant dei. For meg er det viktig at Langtidsplanen for forsvarssektoren legg eit godt grunnlag for at Noreg kan investere i kapabilitetar som bidrar til norsk og alliert sikkerheit samtidig som vi bidrar til  internasjonale operasjonar.

Utviklinga av NATO fram mot 2030
Eit viktig tema under møtet var utviklinga av alliansen fram mot 2030. Noreg støtta anbefalinga til generalsekretæren om å oppdatere NATOs strategiske konsept. Noreg støtta og anbefalinga om å  behalde dei tre hovudoppgåvene til alliansen: Kollektivt forsvar, krisehandtering og samarbeidande sikkerheit.

-Generalsekretæren la fram forslaga sine om korleis NATO skal tilpasse seg ei ny tid. Vi skal vurdere forslaga nøye, men kan allereie no seie at vi synes det er svært positivt med meir vekt på  motstandsdyktigheit og at vi har ei global situasjonsforståing. Vi støtter også forslaga om å styrke den politiske dialogen gjennom fleire møter på ministernivå. Samtidig meiner vi at NATO fungerer godt og at det derfor ikkje er behov for store endringar, seier forsvarsminister Frank Bakke-Jensen.