Framlegg til finansieringa av fylkesveg 353 i Bamble kommune er klart

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

– Fylkesveg 353 er hovudvegen mellom Bamble og Skien og ein viktig veg for næringstransporten. Spesielt delar av strekninga i sør er dårleg, og det har vore fleire ulukker der. Mange ønsker ein ny veg for å betre framkome og trafikktryggleiken. Derfor kjem vi no med framlegg til finansiering av Rugtvedt–Surtebogen, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Samferdselsdepartementet fremmar ein bompengeproposisjon for fv. 353 Rugtvedt–Surtebogen i statsråd i dag. Utbygginga er berekna til å koste 598 millionar kroner.

Vestfold og Telemark fylkeskommune skal stå for 290 millionar kroner. I tillegg kjem tilskot frå Bamble kommune og Nye Veier samt bompengar. Midlane frå Nye Veier skal gå til å auke trafikktryggleiken i Rugtvedt-området, der selskapet har anleggstrafikk i dag.

Det er fylkeskommunane som har ansvaret for å drifte, administrere og finansiere fylkesvegar.

Prosjektet består av ein ny 3,9 km tofelts veg med forsterka midtoppmerking. Det vil òg bli lagt til rette for myke trafikantar på strekninga.

Prosjektet skal etter planen starte opp i 2023, og vere ferdig i 2025.

For meir informasjon, sjå: