Pressemøte

Framlegging av Helsetilsynet sin gjennomgang av saker der barn i barnevernsinstitusjon har mista livet

Helsetilsynet har fått i oppdrag å gå gjennom saker der barn har mista livet under opphald i barnevernsinstitusjonar dei siste fem åra. Rapporten frå gjennomgangen er no klar, og fredag 13. oktober presenterer Helsetilsynet arbeidet sitt for barne- og familieministeren på eit pressemøte i Oslo.

Oppdraget blei gitt av barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) våren 2023, og omfattar både tilfelle der opphaldet har vore frivillig, der barnevernstenesta har hatt omsorga, eller der barnet har vore plassert utan eige samtykke på grunn av alvorlege åtferdsvanskar. Formålet med ein slik gjennomgang er å avdekkje eventuell svikt, og lære av dei for å førebyggje at det skjer igjen.

Helsetilsynet vil sjølv vere til stades for å presentere rapporten, og vil saman med barne- og familieministeren og helse- og omsorgsministeren vere tilgjengeleg for intervju i etterkant av presentasjonen.

Stad: Akersgata 64, Hovedbølet
Tid: Fredag 13. oktober kl. 09.30 – 10.30. Oppmøte for presse frå kl. 09.00. Hugs pressekort og gyldig ID.

Påmelding til media@bfd.dep.no innan fredag 13. oktober kl. 08.30. 

Pressekontaktar:

  • For barne- og familieminister Kjersti Toppe: kommunikasjonsrådgjevar Sunniva Christophersen Haugen, telefonnummer:  932 95 637, e-post: Sunniva.Haugen@bfd.dep.no
  • Politisk leiing i Helse- og omsorgsdepartementet er tilgjengeleg for kommentarar. Kontakt kommunikasjonsrådgjevar Anne Kathrine Aambø, telefonnummer:  412 93 018, e-post: Anne-Kathrine.Aambo@hod.dep.no
  • For Helsetilsynet: kommunikasjonsrådgjevar Hild Lamvik, telefonnummer:  992 64 804, e-post: hil@helsetilsynet.no