Gjennomgang av saker der barn i barnevernsinstitusjon har mista livet

På oppdrag frå barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) har Helsetilsynet gått gjennom saker der barn som bur på barnevernsinstitusjon har mista livet dei siste fem åra. No er rapporten klar, og i dag vart den presentert og overlevert til barne- og familieministeren og helse- og omsorgsministeren.

Eg vil takke Helsetilsynet for eit omfattande arbeid med å gå gjennom alle saker der barn har mista livet under opphald i barnevernsinstitusjon dei siste fem åra, og for ein god og grundig rapport. Desse hendingane er djupt tragiske. Dette handlar om barn med store og samansette utfordringar, som mista livet samtidig som dei fekk både helsetenester og barnevernstenester. Eg er oppteken av at vi må få oversikt over kva som har skjedd og korleis det kunne skje, og at vi må lære av dei for å førebyggje at liknande tragiske hendingar skjer igjen. I rapporten identifiserer Helsetilsynet viktige fellestrekk og læringspunkt som kan hjelpe oss med dette, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).  

Oppdraget til Helsetilsynet ble gitt våren 2023, og formålet med gjennomgangen har vore å avdekkje eventuell svikt, og lære av det for å førebyggje at det skjer igjen.

Peikar på fem sentrale læringspunkt

I rapporten peikar Helsetilsynet på fem utfordringar, som dei òg meiner er sentrale læringspunkt: Samarbeid som ikkje virka, manglande psykisk helsevern, manglande samsvar mellom barna sitt behov og det tiltaket som ble valgt, vanskar med å vareta omsorga for barna i barnevernsinstitusjonane og manglande koordinert innsats frå tilsynsmakta.

– Rapporten frå Helsetilsynet viser at vi ikkje har klart å vareta desse barna godt nok. Tenestene har svikta i å gi barna det tilbodet dei hadde behov for. Dette er utfordringar vi har kjent over tid. Vi må klare å samarbeide betre om barna i barnevernet som treng helsehjelp. No skal vi gå grundig inn i rapporten og vurdere tilrådingane frå Helsetilsynet. Gjennomgangen må sjåast i samanheng med rapporten frå barnevernsinstitusjonsutvalet, som kjem seinare i oktober. Begge desse rapportane vil inngå i regjeringa sitt arbeid med ei kvalitetsreform i barnevernet, seier Toppe.

Les rapporten her.