Fråsegn frå utanriksministeren om valet i Russland

– Det såkalla valet i Russland var verken fritt eller rettferdig gjennomført. Det har ikkje vore eit val slik vi kjenner det frå demokrati, seier utanriksminister Espen Barth Eide.

– Delar av det såkalla valet blei gjennomført i område av Ukraina som er ulovleg okkupert av Russland. Dette er eit alvorleg brot på folkeretten, seier Eide.

– Valet har skjedd mensar leiande regimekritikarar og opposisjonelle er fengsla, sit i bortgøymde straffekoloniar, eller er tvinga i eksil. Den fremste opposisjonsleiaren, Aleksej Navalnyj, døydde i Putins straffekoloni.

– Eg vil uttrykkje mi sympati og støtte til dei russarane som framleis vågar å jobbe for og førestille seg eit annleis og betre Russland, seier utanriksministeren.

– Noreg fordømmer Russlands ulovlege angrepskrig mot Ukraina, avsluttar Eide.