Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Sogn og Fjordane 2/2016

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om mange sauer i Sogn og Fjordane vert overvaka.

Mange sauer i Sogn og Fjordane vert overvaka

I Sogn og Fjordane kan du sjå mange sauer i utmarka med elektroniske bjøller. Dei vert rett og slett overvaka av eigaren sin. Elektroniske bjøller sender signal til bonden slik at han veit nøyaktig kor dyra er. Dette lettar tilsynet, gjev informasjon om vandremønster og sender melding om dyra vert liggande i ro over tid.

Sporingsbjøllene er gjerne mest aktuelle i sauehaldet, men dei kan brukast til alle husdyrslag, også storfe og hest.

Fylkesmannen gjev tilskot til å dekke deler av kostnaden av radio- og E-bjøller gjennom ordninga «Tilskot til tiltak i beiteområde».  Det er stor interesse, og berre i 2016 var det gjeve midlar til å kjøpe inn 650 slike bjøller. Interessa har også vore stor tidlegare år.

Om sauene som går med desse bjøllene føler seg overvaka, veit vi ikkje, men vi veit at bjøllene er til stor nytte for bonden.

Svært god og stor nytteverdi:

  • Letta tilsyn og sanking (svært tidsparande)
  • Fann kadaver raskt og fekk varsla rovviltkontakt
  • Berga dyr som stod skårfast på tidleg tidspunkt og i uventa område
  • Fekk ny og auka kunnskap om beitemønsteret til dyra
  • Fekk målretta sanking etter hovudjaget (svært tidsparande)
  • Fekk melding om og fann død sau – sparte mykje leitearbeid etter eit dyr som var daudt
  • Overvaka og henta sauer som var på veg ut av beiteområdet
  • Er blitt meir interessant og målretta å gå tilsyn
  • Får varsel om unormal oppførsel/lite rørsle (viktig å finna dyra raskt med tanke på sjukdom/skårfast/rovdyr)
  • Redda livet til einskildsauer som blei funne i tide
  • Hadde lågare lammetap enn vanleg første sesongen etter at e-bjøller/radiobjøller vart tatt i bruk

(Kjelde: rapportering frå beitelaga i Sogn og Fjordane, nasjonalt beiteprosjekt 2010-2013) 

Mot ny rekord i hagebruket

Lite vinterskader og tidleg vår med gode pollineringstilhøve skapar optimisme i hagebruket. 

I Lærdal har dei allereie hausta dei første tidlegpotetene, og på Sandane har dei hausta dei første Korona-jordbæra i tunnel. Etter ein sesong i 2015 som var under gjennomsnittet for hagebruket i Sogn og Fjordane, ser sesongen. 2016 svært lovande ut. Ein mild vinter har gitt lite vinterskader på frukt og bærbuskar. Den gode våren med høge temperaturar og tørt ver, har sikra tidleg start og god pollinering og fruktsetting dei fleste stadar i fylket. 

Hagebruket er i stadig fornying og produksjonsteknikken har endra seg mykje dei siste åra. Den teknologiske utviklinga kjem til syne ved at vatning og gjødsling blir automatisert, dataprogram bereknar dagleg utvikling og smittepress frå sopp og andre skadegjerar og varslar når tiltak må settast inn. Temperaturloggarar melder om nattefrost eller behov for lufting i tunnellar på varme dagar. Investeringar i kjøleanlegg hjå produsentar og mottak sikrar god kvalitet. Målretta satsing, nyplanting, kompetansebygging og hardt arbeid har ført til at verdiskapinga innan frukt og bær i fylket har dobla seg dei siste 10 åra. Og no ligg det an til ny rekord. Fasiten får vi til hausten. 

Landets fremste ekspertar i plantevern har årlege fagsamlingar, og denne gongen var samlinga lagt til Sogn og Fjordane. Her er nokre av dei fotografert i eit nyetablert jordbærfelt i Lærdal.
Landets fremste ekspertar i plantevern har årlege fagsamlingar, og denne gongen var samlinga lagt til Sogn og Fjordane. Her er nokre av dei fotografert i eit nyetablert jordbærfelt i Lærdal. Foto: Jon Anders Stavang

Vellukka og lærerik gjennomføring av Inn på tunet+ 

Gjennom vinterhalvåret 2015/2016 har Fylkesmannen og Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane og Hordaland saman gjennomført piloten Inn på tunet+ (IPT+). IPT+ vart utvikla særskild som eit tiltak for å løfte og styrke dei etablerte Inn på tunet-bedriftene i fylka. 

16 IPT-bedrifter frå Hordaland og Sogn og Fjordane var påmeldte, der alle var etablerte IPT-bedrifter. 14 bedrifter gjennomførde. Det har vore gjennomført fire kurssamlingar, der to har vore på videooverføring mellom fylka. Bedriftene er no i gang med arbeid med mentor. Den raude tråden i arbeidet har vore Innovasjon Norge sin modell for forretningsutvikling som dei nyttar i sitt arbeid med gründerar og bedrifter; Business Model Canvas-modellen eller Osterwalder-modellen  . Modellen har ni byggeklossar som alle er viktige delar i forretningsmodellen. Bedriftene har mellom anna vore gjennom tema som digital marknadsføring, økonomistyring, korleis bygge ei lønsam forretningsdrift og kommunikasjon i tillegg til eige utviklingsarbeid i lag med mentor. Både kurs og mentorordning har vore utvikla særskilt for IPT-bedriftene.

Geir Styve, Humørbonden, innleiar om kommunikasjon og sal.
Geir Styve, Humørbonden, innleiar om kommunikasjon og sal. Foto: Karoline Bjerkeset

Tilbakemeldingane har vore jamt over gode, men ein har også sett viktige forbetringspunkt i piloten. Utfordringa har vore å skreddarsy innhald som har passa bedriftene. Dei har innbyrdes vore relativt ulike sjølv om dei alle er godt etablerte. Vidare er det også viktig at mentorarbeidet kjem godt i gang tidleg, og at det er klåre forventningar kva dette skal medverke til.  Det har vore lagt vekt på å få til eit tiltak som har kosta minst mogleg for bedriftene i tid og pengar, sidan dette ofte er små bedrifter med avgrensa ressursar til å drive utviklingsarbeid. Evalueringa tyder på at bedriftene har hatt nytte av å vere med, og at dette er eit tiltak som kan gjennomførast fleire gonger og for fleire bedrifter andre stader i landet. 

Piloten har vore utvikla med støtte av UTM-midlar frå Fylkesmennene og midlar frå Utviklingsprogrammet for landbruks- og reindriftsbasert vekst frå Innovasjon Norge. 

Kai til 150 000 m³ gran i året

I delar av Sunnfjord vert så mykje som 150 000 m³ gran hogstmodent kvart år dei neste 40 åra, og i dag vert alt tømmeret køyrt med bil til ei nedsliten og forelda kai i Vadheim. Vestlandet har generelt relativt lange og kostbare tømmertransportar på vegar med redusert bereevne og der det ikkje kan køyrast vogntog. Plassering av utskipingskaier slik at ein får lågast mogleg tonnkilometer er difor viktig. 

Fylkesmannen jobbar både med oppgradering av det offentlege sekundærvegnettet og med vurderingar av plassering av tømmerkaier. Det vert no vurdert ny kai ved Kvamen i Dalsfjorden eller oppgradering av eksisterande tømmerkai ved Vadheim i Sognefjorden. 

Med bakgrunn i arealressurskart har Fylkesmannen gjort ei transportanalyse av dei to alternativa der kaien i Dalsfjorden kjem ut 70 millionar kronar betre enn Vadheim. Dette skal likevel fordelast over ei trettiårsperiode og det må i tillegg takast omsyn til restriksjonar på aktivitet om natta. Transport av 5 000 fulle vogntog i året, eller 17 vogntog om dagen er så mykje tømmer at at truleg ikkje går å få ut frå ei kai som er nattestengd. Vi meiner difor at det må byggast ei stor kai i Dalsfjorden, men at det også bør satsast på Vadheim som ei strategisk kai for topplasting i Sognefjorden og avlasting av Dalsfjorden.  

Arealressurskart over Sunnfjord.
Arealressurskart over Sunnfjord. Foto: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Første slåtten er i hus

Svært gode innhaustingsforhold er hovudinntrykket etter førsteslåtten. Sjølv om avling og kvalitet er litt varierande grunna tørke og varmt sommarver, er dei fleste bøndene godt nøgd når dei no summerer opp resultatet. Grunnlaget for ei god avling vart lagt med god overvintring og lite vinterskade, tidleg vår og låge temperaturar i mai. 

No har dei flest spreidd husdyrgjødsel og fått litt nedbør slik at veksten startar opp att. Mange bønder som har sådd mykje ny eng etter vinterskade dei siste åra, og med gode vekstforhold resten av vekstsesongen kan det bli ein god andreslått og for ein del også ein tredjeslått.

Slåtten er i full gang.
Slåtten er i full gang. Foto: Arne Sandnes

Skogeigarar frå Oregon vitja Sogn og Fjordane

Torsdag 9. juni vitja ei gruppe med 27 skogeigarar Sogn og Fjordane for å få eit innblikk i skogbruket på Vestlandet. 

Skogeigarane hadde alt vore på tur gjennom Sverige og Norge i to veker og hadde hatt mange fagekskursjonar om Skandinavisk skogbruk då dei kom til skogsdrifta på Bergheim i Gloppen kommune. Her fikk dei sjå den norskbygde Owren 400 taubanekrana til firmaet Terrengteknikk vinsje tømmer 250 meter nedoverbakke. Sjølv om dei fleste i gruppa var godt kjende med taubanedrift frå Oregon, var dei imponerte over utstyret og å få sjå eit vaskeekte «downhill show» som er svært uvanleg på vestkysten av USA. 

Jon Helge Vårdal helsar på skogeigarar.
Jon Helge Vårdal helsar på skogeigarar. Foto: Torkel Hofseth

Nokre av skogeigarane fikk også sjå tømmervogntoget til Skogstrans AS på velteplassen. Ein av deltakarane, Mr. Vannatta, var spesielt imponert over kor liten plass vogntoget trengte for å snu, og den elegante måten sjåføren løyste oppgåva med handtering av både bil og tømmerkran. Med over femti års erfaring med eigne tømmerbilar, forklarte han at det var stor skilnad mellom tømmertransporten heime og det han hadde sett i Skandinavia. Saman med fire brør eig han ein skogeigedom på 4 600 dekar, som faktisk er ein av dei største ikkje industrielle skogeigedomane i delstaten. 

Mr Vannatta studerer taubanedrifta
Mr Vannatta studerer taubanedrifta Foto: Torkel Hofseth