Fylkesnytt frå Vestland 2/2022

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Her kjem ny utgåve av Fylkesnytt frå Statsforvaltaren i Vestland. Her kan du mellom anna lese om den årlege landbrukskonferansen, med tema Landbruket i Vestland mot 2030.

Landbruket i Vestlandet mot 2030 – gje gass!

Kunnskap, rekruttering og god bruk av garden sine ressursar er grunnmuren for landbruket mot år 2030. Landbrukskonferansen i Førde 6. og 7. september samla kommunar, faglag og regionale samarbeidspartar.

Det var gode og kunnskapsbaserte dialogar på konferansen.
Det var gode og kunnskapsbaserte dialogar på konferansen. Foto: Bastian Hoffmann, Statsforvaltaren i Vestland

Sandra Borch sitt dagleg brød

Landbruksministeren Sandra Borch opna konferansen med regjeringa sine prioriteringar på matområdet. Ho peika på kor viktig tilgangen på mat er i ei usikker verd. Ho jobbar dagleg for å sikre matforsyning og betre rammevilkår for norsk landbruk.

Jordvern og mattryggleik på dagsorden

Nedbygging av matjord skjer kvar dag. NIBIO presenterte fakta om nedbygging og kva risiko dette skapar i ei verd med store klimaendringar og stopp i internasjonal handel. Landbruket sitt ansvar for redusert nedbygging på eigen gard vart tydeleg formulert av Vestland bondelag. Ordførar i Sunnfjord kommune viste korleis kommunen kan balansere jordvern mot samfunnsutvikling og vekst.

Finn dagens bønder kunnskapen dei treng?

Landbruket har eit stort kompetansebehov der vaksenutdanning og proffe bønder er viktig for å tette kunnskapshola. Digitalisering tek meir og meir plass i arbeidskvardagen også for bonden, og dette må lærast. Det kjem stadig nye utfordringar, med større gardsbruk, spesialisering, teknologi, digitalisering og rammevilkår i endring. Difor treng vi også rådgjevarar og leverandørar som har god fagkunnskap.

Kunnskapsutveksling gjennom digitale kanalar

Sosiale media er viktig som møteplass for å utveksle erfaring og kunnskap. Alver kommune viste korleis dei brukar slike kanalar for å kommunisere med bøndene. Formidling av kunnskap og erfaring  i sanntid er etterspurt av mange bønder.

Rekruttering til landbruket er mest effektiv når fleire aktørar går saman

Utfordringar med rekruttering er ikkje unikt for Vestland. Difor lærer vi gjerne av det som vert gjort andre stader i landet. Generelt er det lite interesse for landbruk hos ungdomar, men tema som natur, dyr, planter, mat og ernæring interessere mange unge. Identitetsval og tidleg rådgjeving på skulen kan vere avgjerande for rekruttering. ROT-prosjektet i Trøndelag er eit rekrutteringstiltak med karrierearrangement for ungdommar. Her samarbeider ulike partar om å vekkje interesse hos ungdomskuleelevar, slik at dei kan velje å bli matprodusentar i framtida. 

Utdelinga av klima og miljøprisen

Landbrukskonferansen var ein flott arena for første utdeling av klima- og miljøpris for Vestland. Les meir om prisvinnaren i artikkel nedanfor.

Liv Signe Navarsete - korleis få fleire til å sjå moglegheiter?

Det er ikkje berre garden, men også bonden, lokalsamfunnet og politikken som avgjer kva vi kan leve av på Vestlandet. Som ny statsforvaltar i Vestland var Liv Signe Navarsete på heimebane då ho løfta fram konkrete døme på korleis matproduksjonen kan utviklast gjennom kunnskap om lokale ressursar, berekraft, trivnad og tryggleik, og med forankring frå botn til topp i samfunnet.

Dei rundt 140 deltakarane på konferansen fekk også god tid til dialog og erfaringsutveksling.

Landbrukskonferansen for Vestland er arrangert av den regionale partnarskapen; Innovasjon Norge, Vestland fylkeskommune og Statsforvaltaren i Vestland. 

Kontaktperson:
Bastian Hoffmann, fmhobah@statsforvalteren.no, tlf. 410 34 096
Ragna Flotve, fmhorfl@statsforvalteren.no, tlf. 901 01 541.

Verdig prisvinnar restaurerer kystlynghei

Tormod Magnesen vann første Klima- og miljøpris i Vestland, for eit stort og viktig arbeid med restaurering av kystlynghei i Øygarden.

Stolt vinnar, saman med Statsforvaltar i Vestland, Liv Signe Navarsete og Tor Andre Ljosland, leiar for hovudutval for næring i Vestland Fylkeskommune.
Stolt vinnar, saman med Statsforvaltar i Vestland, Liv Signe Navarsete og Tor Andre Ljosland, leiar for hovudutval for næring i Vestland Fylkeskommune. Foto: Kjersti Sognnes, Vestland fylkeskommune.

– Arbeidet er utført på ein svært god måte og er med på å ta vare på biologisk mangfald. Mottakar er eit førebilete for andre i arbeidet med å sikre miljø og naturmangfald, seier Tor André Ljosland, leiar i hovudutval for næring i Vestland Fylkeskommune. Han delte ut prisen på 30 000 kroner på Landbrukskonferansen i Førde  denne veka.

Store område er ført attende til flott kystlandskap

Fiskarbonden skapte kystlyngheiene ved å brenne lyngen med jamne mellomrom, og ha dyr på lyngbeite gjennom vinteren. Lyngheiene sikra stabil matforsyning, i kombinasjon med fiske.

Kystlynghei er i dag ein raudlista naturtype som mellom anna blir truga av den store spreiinga av sitkagran og buskfuru. Prisvinnar Tormod Magnesen har restaurert eit areal på om lag 80 mål i Hatten i Øygarden. Framande treslaga er fjerna, lyngbrenning er godt utført og eit flott kystlandskap er henta fram att, til nytte og glede for folk og dyr i området. I tillegg er store areal kystlynghei nord i Øygarden skjøtta og restaurert.

– Det er utruleg stas å få ein slik pris for noko som eg har jobba med i mange år! Prisen og det at andre ser verdien av arbeidet som er lagt ned, gjev stor motivasjon til å stå på vidare. Eg håper at dette kan vere med å inspirere fleire til å ta vare på kystlyngheia, seier Magnesen om å vinne prisen.

Fuglane kjem attende

Dei restaurerte våtmarksområda er særleg viktige for fuglefaunaen. Mellom anna har vipa, som er ein kritisk trua fugleart, kome attende til området etter å ha vore borte i fleire år.  Bestanden av storspove har også tatt seg opp i takt med restaureringa.

Beite for villsauen

Beiting er viktig for å halda kratt og skog borte. Om vinteren beiter dyra på grøn, frisk lyng. Tidleg vårbeiting er bra for å hindre oppslag av busker og tre. Restaureringa tilbake til naturtypane kystlynghei og våtmark har gjeve betre beiteområde for villsauen. Dyrehaldet bidreg til matproduksjon, og området eignar seg elles godt for honningproduksjon.

Beitinga er også eit godt klimatiltak, sidan det fører til betre karbonbinding.

Brannførebygging

I godt skjøtta lynghei er det låg vegetasjon og mindre visent gras. Areala brenn dårlegare og med låge flammar, og ein brann er enklare å kontrollere. 

Ei lynghei i aktiv drift er den tryggaste naboen, med tanke på brannfare. 

Stort engasjement på dugnadar

Gjennom dei siste åra har Magnesen arrangert mange ryddedugnadar i samarbeid med, mellom anna, Naturvernforbundet Hordaland. Desse dugnadane har vore til god hjelp og har også vore viktige for å spreia kunnskap. Deltakarane har uttrykt at praktisk naturvernarbeid er med på å vekke forståing og engasjement for nedkjemping av framande artar.

Ny pris i Vestland

Dette er første gong klima- og miljøprisen for landbruket i Vestland vert delt ut. Prisen er utarbeida av Vestland fylkeskommune og Statsforvaltaren i Vestland. Målet er at prisen skal gje auka merksemd rundt gode klima- og miljøvennlege tiltak i landbruket.

Juryen har vore sett saman av representantar frå desse organisasjonane:

  • Vestland fylkeskommune
  • Statsforvaltaren i Vestland
  • Vestland bondelag
  • Sogn og Fjordane bonde- og småbrukarlag og Hordaland bonde- og småbrukarlag (ein felles representant)
  • Ekstern representant frå Norsk landbruksrådgiving/Klimasmart landbruk

Kontaktpersonar: 
Øyvind Vatshelle, fmhooyv@statsforvalteren.no, tlf. 55 57 21 78
Solveig Kalvø Roald, fmhoskr@statsforvalteren.no, tlf. 55 57 23 27 

Vegar for å redusere utslepp av klimagassar

Ein ny rapport frå Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) viser at det er mogleg å redusere klimagassutsleppa frå jordbruket i Vestland utan å redusere matproduksjonen. Rapporten viser status og potensiale for reduksjon.

Nibio sin rapport om potensiale for reduksjon av klimagassar frå jordbruket i Vestland.
Nibio sin rapport om potensiale for reduksjon av klimagassar frå jordbruket i Vestland.

Rapporten viser at tilsetningsstoff i fôret er det tiltaket som har størst og raskast effekt. Dette er stoff som reduserer produksjonen av metan hos drøvtyggarane. Slike stoff er no under utvikling, men dei er enno ikkje godkjente for bruk.

Nibio har gjort utrekningar for desse tiltaka i Vestland:

  • meir klimavenleg og berekraftig fôring og avl, og friskare husdyr
  • optimalisering av husdyrproduksjonane med betre fruktbarheit og færre dødfødde dyr
  • auka produsert av kjøt og mjølk per dyr
  • betra grovfôrkvalitet
  • tilsetningsstoff i fôret for redusert produksjon av metan
  • betre bruk av gjødsla og god agronomi
  • stripespreiing av husdyrgjødsel
  • auka innblanding av vatn i husdyrgjødsla
  • rett spreietidspunkt for husdyrgjødsel
  • handsaming av husdyrgjødsel i biogassanlegg

Utslepp per kilo kjøt og mjølk

Ulike produksjonar har ulikt klimatisk «fotavtrykk». Det betyr at eit kilo kjøt eller mjølk kan produserast med ulikt klimagassutslepp. Lågast utslepp finn vi for storfe som både produserer mjølk og kjøt. Sauer med to lam og høg slaktevekt har også lågt utslepp. Det høgste utsleppet finn vi for husdyr som veks seint, og der det går lang tid frå fødsel til ferdig slakt.

Kontaktperson:
Bjørn-Harald Haugsvær, fmsfbhh@statsforvalteren.no, tlf. 480 07 375.

MAREA – oppsummering av eit innhaldsrikt prosjekt 

Folk frå fem land, med ulik bakgrunn, eit stort engasjement for berekraftig landbruk og varme kjensler for den europeiske familien, har jobba i tre år i eit Erasmus+ - prosjekt. Prosjektet vart avslutta med ei arbeidsveke i Noreg i august.

MAREA-familien i Bergen
MAREA-familien i Bergen. Foto: Ragna Flotve, Statsforvaltaren i Vestland

Namnet MAREA står for "Multifunctional Agriculture: Rural Education for Action" og speglar målet med prosjektet: Å bidra til berekraftig livsstil gjennom auka kunnskap og deling av erfaringar. Samarbeidslanda er Belgia, Tyskland, Italia, Kroatia og Norge. MAREA rettar seg inn på fire tema: 

  • sosioøkologisk landbruk – alt heng saman med alt 
  • berekraftig reiseliv 
  • bevaring og formidling av tradisjonell kunnskap
  • tilhøvet mellom by og landbruk 

I prosjektet har partnarane gjennomført oppgåver, kvar for seg og saman, ut frå ein omfattande prosjektplan.  Hovudoppgåvene i denne prosjektplanen har vore: 

Rural Academy

Berebjelken i MAREA-prosjektet er «Rural Academy - learning in rural areas». Prosjektdeltakarane har laga ein systematisk curriculum, ein læreplan for auka kompetanse og formidling av mellom anna berekraftig ressursutnytting, ulike produksjonar. og urbant landbruk. Deltakinga er gratis. Sentralt i prosjektet er opplæring i formidling av ny og etablert kunnskap, gjennom kurs i «rural guiding».   

Gjennomføringa av læreplanen skal vere basert på praktisk kunnskap og erfaringar, og det er starta eit arbeid med å byggje nettverket “Places of learing”. Stader med særpreg, der ein kan dela kunnskap og erfaringar, vert samla i den interaktive online-plattforma «Map of tomorrow». Her deltek mellom anna Berekraftige liv, Lystgården, Lyngheisenteret på Lygra, Gripen gard og garden Lundemannsverk. 

Om du arbeider med agroturisme, formidling av lokalmat, urbant landbruk eller anna landbruksbasert næring, og vil teste ut læreplanen,  vil vi svært gjerne ha tilbakemeldingar. 

Never ending stories 

Deltakarlanda har produsert filmar, som både viser mangfald og synleggjer korleis tradisjonar kan bidra til innovasjon og god og berekraftig utvikling. Statsforvaltaren i Vestland har laga filmane «Golden Fleece» og “Wine, cider and networking” Den siste hadde premiere på internasjonalt «Multiplayer Event» på Lystgården i Bergen 19.august. 

Prosjekt som dette er viktige for å forstå korleis landbruket fungerer i EU, og kva ulikskapar, drivkrefter og trendar som finst. Prosjektdeltakarane vart godt kjende med kvarandre og sit att med mykje kunnskap og nye nettverk. Dette er truleg ikkje eit sluttpunkt, men ein start for vidare for kunnskapsbygging og innovasjon. 

Kontaktpersonar:
Ragna Flotve, fmhorfl@statsforvalteren.no, tlf. 901 01 541
Dirk Kohlmann, fmhodkt@statsforvalteren.no, tlf. 412 96 550

Planting med store granplanter – storskala forsøk i Vestland

Kva betyr størrelsen på granplanta for overleving etter planting? Det håpar  Statsforvaltaren i Vestland å få svar på gjennom forsøk med ulike plantetypar.

M95-plante kategorisert som livstruande skadd med pågåande gnag frå snutebille.
M95-plante kategorisert som livstruande skadd med pågåande gnag frå snutebille. Foto: Torgrim Østgård

Mange granplanter døyr

Endring i klima og auka hogst har gitt snutebilla eit større matfat i vest. Ei nasjonal snutebilleundersøking i 2010 viste at vestlandsfylka har ein stor avgang grunna gnag frå snutebilla (Hylobius abietis) i foryngingsfelt etter hogst. Forsking tyder på at større planter kan ha positiv effekt for overlevinga. Det vert i dag ikkje produsert planter som er store nok til å vere trygge for å overleve snutebillegnag etter planting.

Forsøk med store planter

Statsforvaltaren i Vestland ønskjer å undersøke effekten av plantestorleik med omsyn til snutebillegnag. Det er difor sett i gang eit forsøk i samarbeid med NIBIO og   Skogplanter Østnorge på Biri. Frå Nibio deltek Kjersti Holt Hansen og Inger Fløistad.

Plantinga gjekk føre seg i sju utvalde felt i Sogn og Fjordane i april 2022. Plantene har altså sin fyrste vekstsesong i år. Proveniensen til plantematerialet er Sanderud som passar 150 – 350 m.o.h.  Alle plantene er toårige og kjemisk behandla mot snutebille. Forsøket skal gå over tre år, og etter den tredje sesongen er populasjonen av snutebiller så låg at dei plante som då lever vil vere med inn i framtidsbestandet.

Masterstudent følgjer forsøket

Vi har vore heldige og fått med oss masterstudent i skogbruk, Bjarne Kylland frå Birkeland, som har gjennomført registreringar. Like etter utplanting blei høgde og rothalsdiameter målt på alle dei 1650 plantene som er med i forsøket. Så langt er det registrert skadegrad og høgdeutvikling på plantene.

Registrert skade

Det er registrert snutebiller i alle felta, men skadegraden varierer. Forsøksfeltet på Senneset i Sunnfjord kommune er under eit stort press frå snutebilla, og her blei mange planter livstruande skadd. Sjølv om plantene er behandla kjemisk, noko som gjer at snutebilla døyr i det ho startar å gnage på barken, er populasjonen av biller så stor at det er gjort vesentleg skade på feltet.

På seinhausten i år skal det gjerast ei ny registrering av skadegrad, og vi vil kanskje allereie då sjå ein tendens til kva plantetype som har overlevd, og som har lågast skadegrad. Utvikling av rothalsdiameter og høgdevekst vil også bli målt. Neste år når foryngingsareala er to år gamle, er dei ifølgje forskinga utsett for det største trykket frå snutebillepopulasjonen. Då vil veksten i år vere avgjerande for kor godt skodd plantene er for å møte den utfordringa.

Ny produksjonsskog

Prosjektet er viktig for skogbruket på Vestlandet, og vil bidra med nyttig informasjon om korleis vi kan leggje til rette for at planting vert ny produksjonsskog. Det er dyrt, både for samfunnet og skogeigaren, når hogstflatene ikkje blir sett i produksjon, eller at potensialet for skogproduksjon ikkje vert nytta fordi mange av plantene døyr.

Kontaktperson:
Torgrim Østgård, toost@statsforvalteren.no, tlf. 907 40 503

Auke i lokalproduksjon av grønsaker i Vestland

Lokalproduserte grønsaker har vorte lettare å få tak i på Vestlandet dei tre siste åra. Det gjev forbrukarane i heile fylket høve til å finne ferskare grønsaker i sesong, og fylle tallerken med meir klimavennleg mat.

Bergen Øko er ein av nykommarane på både REKO-ringane og med abonnementssal av grønsaker.
Bergen Øko er ein av nykommarane på både REKO-ringane og med abonnementssal av grønsaker. Foto: Frøydis Lindén, Statsforvaltaren i Vestland

Produksjonen av grønsaker i Vestland fylke har auka med 127 daa frå 2019-2021. Mykje av grønsakene, som går ut til daglegvarehandelen frå Vestland, vert produserte i kommunane Lærdal og Gloppen. I tillegg har fylket opp mot 50 nye grønsaksdyrkarar, som driv produksjonen sin etter prinsippa for marknadshagedrift.

Marknadshage er ei driftsform som er godt tilpassa dei mange små dyrkingsareala i Vestland fylke, med godt mikroklima for grønsaksproduksjon. Dei nye produsentane er i ein oppbyggingsfase, og vil i snitt dyrke på 1,5-2 dekar om nokre få år. Dette viser ei oppsummering etter tre år med stimuleringsarbeid.

Statsforvaltaren i Vestland har vore på markvandringar til fleire kommunar med småskala grønsaksprodusentar i Vestland i sommar.

Kontaktperson: 
Frøydis Lindén, fmhofli@statsforvalteren.no tlf. 905 52 194

Dei beste beita ligg i høgfjellet

I Vestland er 25 % av arealet over skoggrensa snøleievegetasjon. Her smeltar snøen utover sommaren, og dette er dei mest verdifulle beita for husdyr på fjellet.

Sauer i fjellet.
Sauer i fjellet. Foto: Kari Elsa des Bouvrie

Snødekket om vinteren er ein viktig faktor for kva type vegetasjon ein finn i fjellet om sommaren. Eit tjukt snødekke har god isolasjonsevne og avgjer kva planter som overlever. Er snødekket så tjukt at det ikkje smelter før i juli/august vert vekstsesongen kort og ein finn andre typar planter enn i område med tynnare snølag. Etter kvart som snøen smeltar utover sommaren kjem nye planter opp langs snøkanten. Desse veks fort og er proppfulle av protein. Når ein har snøsmelting gjennom heile sommaren finn beitedyra heile tida nye planter med høgt næringsinnhald.

Vegetasjonskartlegging

På oppdrag frå Statsforvaltaren har Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) gjort ei detaljkartlegging av utmarksbeite. I 2020 såg Nibio på eit område i midtre delen av Hordaland, og i 2021 på område i ytre delar av fylket. Som ein del av arbeidet er det gjort vurderingar av kor mange beitedyr eit område har kapasitet til utan slitasje på vegetasjonen og reduserte slaktevekter. For midtre delar av fylket vart beita vurdert til å vere i klassen «godt beite» der ein kan rekne 70 sau per km2. I  ytre delar av fylket vart kvaliteten vurdert til å vere i klassen «godt til mindre godt» med plass for 60 sau per km2. Vurderingane er gjort på bakgrunn av synfaring, bruk av satellittfoto og kart.

Beitebruksplan

Desse rapportane, med omtale av vegetasjon, berggrunn, topografi og nedbørsmengd mm. er verdifulle for bønder som nytter desse fjellområda som beite for sine dyr. Vidare gjev denne kartleggingane er gode fundament for utarbeide beitebruksplan for kommunen. Ein slik plan skal innehalde omtale av område med historisk bruk og omtale av korleis det vert brukt i dag. Vidare skal ein synleggjere verdien for landbruket ved å ha dyr på fjellbeite. Kommunen kan bruke slike planar når dei gjev avvegingar mot andre interesser, som t.d. nye areal for hyttebygging og turisme. Planen skal vedtakast politisk i kommunen og brukast aktivt. Det er ein stor fordel at kommunen lagar planen i nært samarbeid med beitenæringa.

Statsforvaltaren oppmodar beitenæringa og kommunane Vestland om å lage beitebruksplanar, og arbeidet er no starta med vegetasjonskartlegging. Gjennom ordninga investeringsmidlar til tiltak i beiteområde kan kommunen gje tilskot til tenester som er nødvendige i dette arbeidet.

Her er dei to siste rapportane frå Nibio:

Kontaktpersonar: 
Kari Elsa des Bouvrie, fmhokdb@statsforvalteren.no, tlf. 458 50 058.
Mary Ueland, mauel@statsforvalteren.no, tlf. 57 64 30 62.