Fylkesnytt frå Vestland 1/2023

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Her kjem ny utgåve av Fylkesnytt frå Statsforvaltaren i Vestland. Her kan du mellom anna lese om grøn energi og solparkar på jordbruksareal.

Korleis kan solparkar gje oss meir grøn energi?

Noreg treng meir energi, og jordbruksareal ute av drift vert vurdert som aktuelt for etablering av større solparkar.

Solpark
Kan etablering av solparkar gje grunnlag for ny produksjon, på areal som ikkje er i drift? Foto: Øyvind Vatshelle, Statsforvaltaren i Vestland

Det samla behovet for grøn energi i Noreg er stipulert til å auke frå om lag 140 tWh per år til 180 tWh dei komande ti åra. Det er ei enorm auke på kort tid.

Statsforvaltaren i Vestland har vore i dialogmøte med Eviny, som er det største straumselskapet i Vestland.

Tema for møtet var regelverk og saksgang. Solparkar er store energiprosjekt, som søkjer konsesjon etter Energilova, med NVE som forvaltningsorgan. Statsforvaltaren la stor vekt på lokal medverknad, for å sikre gode prosessar. Så langt er det Innlandet som har flest slike saker, men Vestland kjem raskt etter.

Dette er nokre av spørsmåla som vart drøfta i møtet:

  • Er solparkar eit alternativ til vindparkar, eller kjem det i tillegg?
  • Kan ein solpark kombinerast med dyrka mark, der arealet samstundes vert nytta til beite?
  • Kan areal ute av drift omdisponerast til solpark?
  • Er utmark og skog aktuelt å nytte i slik produksjon?
  • Korleis kan vi ta omsyn til biologisk mangfald og myr?
  • Korleis er tilhøvet mellom jordlova, skogbrukslova og energilova i slike saker?
  • Kva rolle skal kommunen ha i ein konsesjonsprosess?

Solparkar dekkjer frå 100 til 1500 dekar, og utan grundig saksgang kan dette verte like konfliktfylt som det ein del vindparkar har vorte. Vi ser behov for ei nasjonal samordning, for å utvikle praksis på dette området. 

Kontaktperson: 
Christian Rekkedal, christian.rekkedal@statsforvalteren.no, tlf. 99 69 23 02

Naturbruk til stor nytte

Den årlege utdanningsmessa i Bergen i januar synte stor interesse for naturbruk. Truleg var over 1000 elevar innom naturbruksstanden i løpet av to dagar.

Rektor Magnus Vaktskjold ved Stend vidaregåande skule
Rektor Magnus Vaktskjold ved Stend vidaregåande skule orienterte interesserte elevar om tilboda ved skulen. Foto: Harald Otterstad/Vestland fylkeskommune

Den årlege utdanningsmessa i Bergen hadde over 100 stands og 8000 besøkande.  Fylkeskommunen, statsforvaltaren, Vestland bondelag, Felleskjøpet og dei fire vidaregåande skulane som har naturbruk i fylket markerte seg sterkt på messa med eigen stand om naturbruk, og fekk andrepremie for beste stand.

Elevane er interesserte i naturbruk, fordi det er viktig med grøn omstilling og å ta vare på naturen. Men det er vanskeleg å vite kva utdanning ein skal velje og sjå føre seg eit framtidig yrke. Det understreka fleire av dei 130 elevane frå Natland skule sine 9.klassingar, som var på utdanningsmessa. Om eitt år skal dei søkje plass i den vidaregåande skulen, og naturbrukslinene kan gjerne få fleire elevar vidare til dei tradisjonelle faga innan landbruk.

Elevane kan få studiekompetanse etter tre år på naturbruk, men dei kan også gå ut i lære. Dei kan trygt ta over gard etter vidaregåande skule. Dei får også eit grunnlag for å kunne velje mange ulike yrke og studieretningar, frå veterinær til skogbrukar, naturrettleiar innan reiselivet eller landbruksmekanikar. Det er fleire moglegheiter enn ein skulle tru, oppdaga elevane og studierettleiarane som var innom standen.

Kontaktperson: 
Frøydis Lindén, frøydis.linden@statsforvalteren.no, tlf. 90 55 21 94

Meir eple til sider frå Hardanger

Det vert produsert for lite eple i Hardanger, særleg i år med låge avlingar. Marknaden etterspør meir, både til konsum og sider.

Eple på tre.
Eple gjev grunnlag for edle dråpar i Hardanger. Foto: Frøydis Lindén, Statsforvaltaren i Vestland

Nibio har, saman med Statsforvaltaren, starta ei utgreiing for auka verdiskaping av eple frå Hardanger. Eple til konsum kan supplerast frå andre deler av landet, eller frå import, men sider frå Hardanger er ei geografisk beskytta nemning som krev at råvara kjem frå Hardanger. I år med høge avlingar er det god tilgang på råvare. Når avlingane er låge får ikkje siderprodusentane nok eple, og dei må seie frå seg kontraktar på levering av sider.

Varm april og kald mai

Mild april og kald mai er hovudårsaka til dei låge avlingane i 2022. Fruktbløminga var normal, men i mange område vart det svært dårleg fruktsetting. Tidleg bløming aukar faren for manglande befruktning, og med dette aukar faren for vekselbering. I tillegg til klima, er bonden sitt arbeid med stell av kvart tre viktig for jamne avlingar.

Potensiale for meir frukt

Nibio sitt prosjekt har starta med å sjå kor store areal som er planta, og kva avling desse kan gje. Nye felt, med unge tre, har potensiale for større avlingar enn gamle. Figuren under viser areal av hovudsortane frå to fruktlager i Hardanger. Desse er godt eigna både til konsum og sider.

Diagram eplesortar.
Diagram eplesortar. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

Kontaktperson:
Synnøve Vonen Kvaal, synnove.kvaal@statsforvalteren.no, tlf. 57 64 30 67

IGW 2023 - fellesskap som konkurransefortrinn

Det er tre år sidan sist Internationale Grüne Woche vart arrangert i Berlin. I 2023 var Noreg representert med region Fjord Norge og region Trøndelag.  

Fjord Norge sin stand
Fjord Norge sin stand med glade deltakarar. Foto: Matarena

Arrangementet vart ein suksess. 1400 utstillarar frå 60 land og over 300 000 besøkjande var innom messelokala i Berlin. Dette var verkeleg ikkje forventa, sidan pandemien har dempa tyskarane si messe- og forsamlingslyst. Utstillarane vart overraska over den daglege, tette publikumstrafikken. Det ser ut til at reise- og opplevingsinteressa har vakna att i Tyskland. Informasjonstrongen om Noreg som reiseland og interessa for norsk mat og tradisjonar var stor. 

Regiongruppa Fjord Norge var sett saman av rundt 50 utvalde  mat- og drikkeprodusentar, reiselivsaktørar, kokkar, og prosjektleiinga frå Matarena og statsforvaltartilsette frå dei tre fylka. Deltakarane kom frå heile regionen; frå Møre i nord til Jæren i sør. Dei representerte det store mangfaldet av produkt og opplevingar som kyst- og fjordregionen har å by på.  

Smaksprøvar og utstillarar frå region Fjord Norge.
Smaksprøvar og utstillarar frå region Fjord Norge. Foto: Matarena

I år var det regionale søkjelyset i særleg grad retta mot sider. På messa i Berlin presenterte sju produsentar sine sidrar. Små, tematiske kurs for tyske messebesøkjande testa interessa for sider i kombinasjon med utsøkte matrettar, på ein utanlandsk marknad. Sider kan verte eit godt eksportprodukt, men vinklinga på messa var nok først og fremst eit «lokkemiddel» for Fjord Norge som reisedestinasjon. Men kven veit, kanskje Hardanger, Møre, Telemark, Sogn eller Ryfylke kan bli like kjent som Toscana, Champagne eller Provence i framtida? 

Etter arbeidsrike dagar i Berlin er deltakarane fylte opp med ny inspirasjon, mange idear og nye nettverk. Dette er kanskje også grunnen til at desse ti dagane i Berlin er så viktige. 

Det sterke samhaldet mellom produsentar, aktørar i matbransjen, reiseliv, kokkar, heiagjengar og det offentlege dannar ei unik kraft i Noreg. Vi har hjartelege kjensler for kvarandre og vi unner kvarandre suksessen. Ja, faktisk heiar vi utan atterhald på kvarandre. Dette kan vi vere veldig stolte av, særleg når vi er i Berlin, der mange ser det.  

Kontaktpersonar:
Dirk Kohlmann, dirk.kohlmann@statsforvalteren.no, tlf. 41 29 65 50
Marit Hjortung, marit.hjortung@statsforvalteren.no, tlf. 90 61 95 92

Kyr frå bås til lausdrift

I Vestland er det no 585 fjøs der mjølkekyrne står på bås. Desse har i snitt ein mjølkekvote på 98 tonn. Gjennom Storfeprosjektet i Vestland vert det arbeidd målretta for at flest mogleg av desse skal leggje om til lausdrift.

Lausdriftsfjøs med 28 båsplassar er godt tilpassa strukturen i Vestland
Lausdriftsfjøs med 28 båsplassar er godt tilpassa strukturen i Vestland. Foto: Knut Olav Øvreeide, TINE

Det er ei stor utfordring å skaffe nok inntekt på mjølkebruka, slik at dei kan byggje om til lausdrift. Auka investeringsstøtte har vore heilt naudsynt, og etter jordbruksoppgjeret 2022 er det no på plass. Men det må også vere nok inntekt til å betale investeringa, og då må mjølkebruka som hovudregel auke produksjonen. I Vestland må føretak med båsfjøs difor kjøpe eller leige kvote.

Mange små

Dei lausdriftsfjøsa som vart planlagde i Vestland det siste året hadde i snitt 28 båsplassar og ein kvote kring 250 tonn. Alle desse har auka ressursgrunnlaget vesentleg for å kunne ta investeringa. Tabell 1 viser tal kyr per føretak i Vestland for gruppa 1-20 kyr. Dette er i all hovudsak båsfjøs, og utgjorde 60 % av mjølkebruka i 2021. Her ser vi at 198 føretak har opp til 11 kyr, 239 føretak har mellom 11 og 15 kyr og 200 føretak har mellom 16 og 20 kyr.

Tabell 1: Tal mjølkekyr per føretak og stipulert kvote for mjølkebruk i Vestland 2021. Kjelde: Landbruksdirektoratet.  

Tal mjølkekyr

Tal føretak

Stipulert kvote

1-10

198

30-70 tonn

11-15

239

70-100 tonn

16-20

200

100-150 tonn

Bonden vel sjølv

Eldre fjøs kan verte ein del av eit framtidig lausdriftsfjøs. Då vert det ofte bygd ei ny avdeling for mjølkekyrne. Men det er også mange som vel å byggje heilt nytt, fordi dei ikkje finn gode løysingar i kombinasjon med det gamle fjøset. Dette må vere bonden sitt eige val. Nye fjøs sikrar eit godt miljø for dyra som skal leve der, og eit godt arbeidsmiljø for bonden. For å få ein lettare og meir fleksibel arbeidskvardag vel dei fleste løysingar med mjølkerobot.

Vestland er på rett veg

I 2022 kom 62 % av mjølka frå lausdriftsfjøs der ni av ti mjølkeliter kjem frå ein mjølkerobot, men framleis kjem 38 % av mjølka frå båsfjøs. Dei neste 10 åra må det kvart år byggast minst 20 nye fjøs for å nå målet om lausdrift for alle. Sjølv med eit slikt ambisiøst mål vil mange produsentar slutte med mjølk, men det gjev samstundes grunnlag for at andre kan investere for framtida.

Kontaktperson: 
Bjørn-Harald Haugsvær,
bjørn-harald.haugsvar@statsforvalteren.no, tlf. 48 00 73 75

Kommunen inviterte til landbrukslunsj i Etne

Etne kommune, Medvind Næringshage og Fikse Næringsforeining inviterte bønder og forvaltning til landbrukslunsj 13 januar. Dette var svært populært, og heile 70 interesserte deltakarar fekk god servering av både mat og landbruksfag.

Bønder på fagmøte i Etne.
Mange bønder møtte fram til fagmøte i Etne. Foto: Torleiv Skage, Statsforvaltaren i Vestland

Det store oppmøtet understreka at landbruket er særs viktig for Etne. Det møtte mange unge bøndene, og fleire som er i overtakingsfasen. Då er det ekstra viktig å treffe kollega og å ha eit tett samarbeid med rådgjevarar og kommunen.

Det grøne skiftet var overskrifta på innlegget frå Statsforvaltaren i Vestland. Her orienterte Dirk Kohlmann og Torleiv Skage om tilskotsmoglegheiter i eit grønt skifte, mellom anna for landbruksbygg i tre, bioenergi og solceller. Vidare var skogen eit viktig tema. Frå Innovasjon Norge orienterte Kari Elsa des Bouvrie om dei ulike tilskotsordningane i landbruket. Frå Vestland fylkeskommune kom Kristin Arnestad, som la fram ein heilt fersk Temaplan for landbruk 2023 – 2027.

Kontaktpersonar:
Torleiv Skage, torleiv.skage@statsforvalteren.no, tlf. 9714 41 24
Dirk Kohlmann, dirk.kohlmann@statsforvalteren.no, tlf. 41 29 65 50.