Fylkesnytt frå Vestland 2/2023

Her kjem ny utgåve av Fylkesnytt frå Statsforvaltaren i Vestland. Her kan du mellom anna lese om berekraft i praksis på landbrukskonferansen for Vestland.

Berekraft i praksis på landbrukskonferansen for Vestland

Årets storsamling for landbrukskontora hadde tema Berekraft i praksis. 120 personar deltok på samlinga der tema vart belyst frå den praktiske bonden som skal drive næring, rådgjevaren, som er opptatt av helse og sikkerheit og den offentlege forvaltninga, som både mobiliserer og betalar ut tilskot.

Samling
Landbrukskonferansen løfta fram aktuelle problemstillingar. Ein av innleiarane var forfattar og agronom Siri Helle. Foto: Bjørn-Harald Haugsvær, Statsforvaltaren i Vestland

Samlinga gjekk føre seg 6-7. september og hadde merksemd omkring økonomisk, sosial og miljømessig berekraft i praksis. Forfattar og agronom Siri Helle og generalsekretær i Bonde- og småbrukarlaget Anton Langeland utfordra og la vekt på at vi må velje annleis framover om vi skal nå berekraftsmåla. Auka effektivitet og større volum har ikkje gitt bonden ei rettferdig betaling for tid og eigenkapital samanlikna med andre grupper. Då er det viktig at nokon prøver ut alternativa, og viser at det er mogeleg å drive landbruk på andre måtar, med mindre investeringar og lågare effektivitet. 

Det gode livet som bonde

Er bondeyrket helsefremmande? Rådgjevar Kolbjørn Taklo i NLR Vest snakka om helse og og kva som skal til for å leve det gode liv som bonde. Bondelivet er meiningsfylt, men kan også vere eit altoppslukande yrke. God helse for bonden handlar både om fysisk og psykisk velvære. Dei som lever av landbruket ynskjer å leve som andre, med tid til familieliv og å vere ein del av lokalsamfunnet. Då må arbeidsdagen vere så fleksibel at bonden t.d. kan levere borna i barnehage og fylgje dei til trening på ettermiddag. Bjarte Myklebust, frå LivOGLyst Ålfoten følgde opp med innlegg om kva eit levande lokalsamfunn betyr for den sosiale berekrafta og for landbruket i ei bygd.

Det blømer i spora våre når unge har lyst til å drive gard

Konferansen vart avslutta av Bothild Åslaugdotter Nordsletten som er redaktør i fagtidsskriftet Bondevennen. Ho peikar på paradoksa. Vi er eitt av verdas rikaste land, men vi produserer berre 40 % av vår eigen mat, og 1/3 av det som er produsert vert ikkje nytta som mat. Kravet til effektivitet, mykje arbeid og store investeringar gjer at mange ikkje veit om nokon vil ta over garden etter dei. Sjølv i Rogaland seier 20 % av bøndene at dei vil legge ned drifta innan 2030. I denne situasjonen må vi våge å stille nye spørsmål, og finne andre løysingar. Det er opp til oss å definere kva som er utvikling, og kva som er den rette framtida.

Myldring og nettveksbygging

I år sette me av mykje tid til gode pausar i det oppsette programmet. Her fekk deltakarane myldra, ta ein kaffikopp saman og diskutere med kollegaer frå andre kommunar. Mange gav attendemelding på at dette har stor nytteverdi. Her vart mange problemstillingar løfta, og mange reiste heim med gode verktøy til vidare arbeid og fleire gode krefter i fagnettverket sitt.

Kontaktpersonar:

Ny film: Inn på tunet - arbeidstrening med nytteverdi

Khaled Alobeid har fått språk- og arbeidstrening på Gullvegen Inn på tunet-gard på Bømlo. Her har han fått bruka kompetansen sin og fått nyttig kunnskap om HMS og norsk arbeidsliv. I denne filmen får du høyra kva nytteverdi Inn på tunet kan gje for innvandrarar med fluktbakgrunn.

I filmen møter vi Khaled Alobeid frå Syria, rådgjevar i Vestland fylkeskommune Babek Aanesen Hosami og Ingvild Engseth Lie, som er rådgjevar i vaksenopplæringa på Bømlo. Dei fortel oss kva Inn på tunet kan bety på vegen frå å vera ny i Norge til å verta ein del av arbeidslivet. 

Filmen er laga i samband med avslutningskonferansen for pilotprosjektet Inn på tunet-løftet 2. Vestland gjennomførte ein pilot med merksemd omkring psykisk helse og arbeidstrening. Vi laga også ein film om sjølve opphaldet på garden. Om du også vil sjå denne filmen kan du klikka på denne lenka. Filmen danna grunnlaget for den vi no presenterer.

Kontaktperson:

Samarbeid mellom bønder og FOU-miljø

«Teknoløft Sogn og Fjordane» ber frukter. I samarbeid med næringa, blir det forska, utvikla og testa ut robotar, tilpassa vestlandsk hagebruk.

Roboten blir testa ute i felt.
Roboten blir testa ute i felt. Foto: Raquel Motzfeldt Tirach

Gjennom prosjektet «Teknoløft Sogn og Fjordane» har Høgskulen på Vestlandet (HVL) og Vestlandsforsking hatt som mål å knyte saman regionale FOU-miljø og det lokale næringslivet. I eit fylke der produksjon av frukt og bær er viktig, har merksemda vorte retta mot landbruksnæringa og hagebruket. Dette har resultert i nye forsøksfasilitetar og spennande prosjekt:

RoboVest

For drygt eitt år sidan vart forsøksfasiliteten «RoboVest» høgtidleg opna, med forskingsmiljø, det offentlege og landbruksnæringa til stades. Opninga fann stad i flotte omgjevnadar på Njøs, ein lokasjon med lang historie knytt til forsking på frukt og bær. 

Det er ikkje tilfeldig at det nye anlegget vart plassert på Njøs.  Målet med RoboVest er nemleg å utforske korleis bringebærproduksjon på Vestlandet kan sjå ut i framtida, med innslag av sensorar, robotikk og nye sortar. RoboVest representerer på denne måten eit møte mellom robotikkmiljøet på HVL, robotikkfirma, som Fieldwork Robotics og nLink, og  den dyrkingstekniske og biologiske kompetansen ved Njøs Frukt- og Bærsenter.

FutuRaPS

Den relativt nye forsøksfasiliteten skal mellom anna huse delar av prosjektet FutuRaPS. Dette prosjektet skal utforske robotisering og stordata i bringebærdyrking på Vestlandet, ein region prega av bratt terreng, små teigar og mykje nedbør.

Beatriz Lopez Rodriguez er ein av PhD-studentane som jobbar i prosjektet. Ho peikar på at det er store spørsmål som skal svarast ut i prosjektet, og at problemstillingane er knytte til både til biologi, teknikk, økonomi og sosiale tilhøve. No gjennomfører Beatriz intervju av bærplukkarar i Sogn, der ho vektlegg både på det plukketekniske og det sosiale kring det å arbeide som sesongtilsett hos bærdyrkarar i Vestland. Ho filmar også plukketeknikken til dei tilsette, for å trekkje ut kva eigenskapar ein robot må ha.

Robotgrasklippar

I Førde skjer det også spennande ting. Raquel Motzfeldt Tirach er ein av fleire ingeniørar ved Høgskulen på Vestlandet. Her vert det jobba med å utvikle ein robotgrasklippar som er tilpassa fruktfelt på bratte vestlandsgardar. Raquel kan fortelje at dette prosjektet vart sett i gong som eit resultat av ein workshop med fruktdyrkarar i Lærdal. Der kom det fram at mykje tid vart brukt til å slå gras mellom frukttrea. Dersom ein robot kunne gjere denne jobben, ville mykje tid verte frigjort. Per i dag finst det ikkje ein robotgrasklippar som er tilstrekkeleg robust til å slå i fruktfelt.

Saman med kollegaer, som mellom anna PhD-stipendiat Daniel Schäle, har Raquel arbeidd med roboten sin autonomi og navigasjon. Neste steg i prosjektet er å kople grasklipparen til roboten, teste han i felt og studere robustheit og liknande. Raquel er oppvaksen i Sør-Frankrike, omkransa av bratte vingardar, og ser samanhengar. Kanskje denne teknologien frå Vestland kan nyttast der også i framtida? 

Kontaktperson:

Hjortebønder og viltmottak løftar hjort som næring

Vill hjort i skogen og tam hjort bak gjerde har eit stort potensial for auka verdiskaping. I Vestland er det gjort ei kartlegging, for å få svar på kva som må til for å utvikle denne næringa.

Hjort
Hjorteefarmen Marås Hjort er ein av aktørane i satsinga på hjort i Vestland. Foto: Marås Hjort

På oppdrag frå Vestland fylkeskommune og i samarbeid med Stiftinga Norsk Hjortesenter, Statsforvaltaren i Vestland, Agri Analyse og Mind The Gap har vi kartlagt næringa i dag, samarbeid mellom aktørar i verdikjeda og potensial for vidare utvikling og verdiskaping. Arbeidet skal medverke til at bedrifter kan vakse, og at meir hjortekjøt kjem fram til forbrukar.

Vi inviterte oss heim på bedriftsbesøk

I Vestland er det totalt 21 bedrifter som er godkjente for oppdrett, slakting eller foredling av hjort. Viktige tema i kartlegginga har vore utfordringar i næringa, regelverk for handsaming av kjøt, salskanalar og økonomi. Det er også gjennomført ei digital undersøking, retta mot kommunen.

Vestland er landets mest hjorterike fylke, med 23 500 felte hjort i 2022. Bedriftene som skal ta hand om kjøtet seier at eit av hovudproblema er at råvara kjem konsentrert i ein periode på hausten, og at ein då får stor ledig kapasitet resten av året. Bedriftene seier at det er stor mangel på personar med fagkompetanse som kjøtskjerar, kvaliteten på kjøtet frå jeger varierer mykje, og det viktig å betra kunnskapen om kjøtbehandling hos jeger. Ordninga med feltkontroll er god, men det har også medført auka svart sal av fordela kjøt til forbrukar.

Undersøking hjå kommunane

Oppsummert har kommunen mykje å gå på i arbeidet med å utvikle hjort som næring. Svara viser at kommunane brukar tida på forvalting av hjortestamma, og har mindre merksemd på næringsutvikling. Når nokon tek kontakt bidrar kommunen gjerne med rettleiing om næringsutvikling, men tek i liten grad initiativet sjølv. Kunnskapen om hjort som næring er låg i kommunen, men dei viser då gjerne vidare til aktørar eller fagmiljø som kan hjelpe. Hjorten har liten plass i kommunale næringsplanar, sjølv om reiseliv ofte er ein del av planen.

Vidare arbeid

Prosjektet i Vestland har no planar om ein arbeidsverkstad for bedriftene, og vil arrangere tre webinar, med ulike tema. Etter dette vil ein lodde stemninga, og sjå om det er interesse for å etablere klynger av hjortebedrifter i Vestland.

Kontaktperson:

Tar tempen på beitebruken i Nordfjella 

I starten av juli var rådgjevarar frå Statsforvaltaren i Vestland si landbruksavdeling på studietur til Nordfjella. Der møtte vi beitebrukarar, og fekk sjå og høyre korleis det er å ha dyr på beite i område med påvist skrantesjuke på villrein. 

salteplass
Inngjerda salteplass i bakgrunnen og ny salteinnretning med sau rundt. Foto: Inger Marie Hernes, SFVL

Villreinområdet Nordfjella er delt i sone 1 og sone 2. I 2016 vart det gjort funn av CWD (Chronic Wasting Disease) på villreinen i sone 1. Stamma i sone 1 vart skote ut i løpet av 2018, og ei rekkje saneringstiltak vart satt i verk. I Nordfjella er det fem beitelag frå Vestland og seks beitelag frå Oslo og Viken. Desse slepp om lag 45 000 sau og lam, 3000 geit og 1300 storfe kvart år. 

Krav til salteplassane

Jordprøvar kring salteplassar synte ei opphoping av smittestoff i jordsmonnet, og det vart satt i gang saneringstiltak med inngjerding og tildekking av etablerte salteplassar. I dag har beitebrukarane lov til å salte dyra med salteinnretningar som samlar opp og hindrar avrenning til jordsmonnet rundt. Det er i tillegg krav til at dei skal flyttast og nyttast slik at det ikkje vert opptrakka jord rundt salteplassen.  

Tiltak gjennom samarbeid

Det er tette band mellom beitebrukarane og villreinforvaltninga i Nordfjella. Dei fleste bøndene er jegerar og dei fleste jegerane er bønder. Alle ynskjer ei effektiv sanering av området og reetablering av villreinbestanden. Dei tar kampen mot skrantesjuka på alvor. Det er lagt ned mykje arbeid for å betre salteplassane, og det er utarbeida fleire ulike salteinnretningar som innfrir krava. 

Tilskotsordning

Beitebrukarar som har ekstra kostnader som følgje av CWD-tiltak kan søkje om tilskot til å dekkje dette. Søknaden skal gå til Statsforvaltaren i Oslo og Viken. Dette tiltaket har, frå hausten 2023 av, fått ein eigen søknad hjå landbruksdirektoratet. Denne er kalla Tilskot til CWD-tiltak. Dette gjeld også for beitebrukarar på Hardangervidda.   

Nordfjella er eit av villreinområda det skal utarbeidast tiltaksplan for villrein i 2023.  

Kontaktpersonar:

Parsellhage som tilleggsnæring

Parsellhagedrift kan vere ei god tilleggsnæring. Det har Solveig Lilletvedt på Kalandseidet i Bergen fått erfaring med. Ho trivst godt med fleire folk og mange små beredskapshagar på garden.

Solveig Lilletvedt under solsikkene
Solveig Lilletvedt under solsikkene i parsellhagen på Kalandseidet i Bergen. Framnes gard har etablert ei ny teneste som har gjeve næring og liv til gardsdrifta. Foto: Frøydis Lindén, Statsforvaltaren i Vestland

Då pandemien fekk fotfeste i landet, såg Lilletvedt at tida var mogen for å realisera ein forretningside. Ved hjelp av ekstra korona-tilskot frå Bergen kommune, fekk ho, på få veker, opp ein parsellhage. 30 parsellar vart inngjerda med hjortegjerde, det vart bygd reiskapsbu i enden av fjøset og eit system for oppsamling av regnvatn vart etablert.

Då pandemien fekk fotfeste i landet, såg Lilletvedt at tida var mogen for å realisera ein forretningside. Ved hjelp av ekstra korona-tilskot frå Bergen kommune, fekk ho, på få veker, opp ein parsellhage. 30 parsellar vart inngjerda med hjortegjerde, det vart bygd reiskapsbu i enden av fjøset og eit system for oppsamling av regnvatn vart etablert.

Kontaktperson: