Historisk arkiv

Gode kommunar krev godt politisk leiarskap

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Ros til kommunesektoren, men også ei oppmoding om å ta dei tøffe diskusjonane om politiske prioriteringar. Det var noko av bodskapen då kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete innleia på ordførarkonferansen tysdag.

Ros til kommunesektoren, men også ei oppmoding om å ta dei tøffe diskusjonane om politiske prioriteringar. Det var noko av bodskapen då kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete innleia på ordførarkonferansen tysdag.

Tema for konferansen, arrangert av KS, var politisk leiarskap.

Navarsete var klar på at ein god kommunesektor er avhengig av leiarar som kan lytte til borgarane, men som også har evna til å peike ut kursen framover.

- Kommunar og fylkeskommunar har gjennom fleire tiår gjeve viktige bidrag til samfunnsutviklinga. Kommunane – og de som er leiarar der - kan bidra til at me også framleis forvaltar velferda vår klokt, sa Navarsete.
 
- Dykkar utfordring er å finne rom for lokale prioriteringar. Lokalt sjølvstyre inneber tøffe lokale diskusjonar om kva kommunar og fylkeskommunar skal bruke ressursane på, sa statsråden.

Ho minna ordførarane om at dette ordskiftet ikkje blir enklare i åra som kjem. - Presset vil auke på helse og omsorgstenester. Skulen blir stilt overfor nye krav. Barnevernet krev god styring, sa Navarsete. Ho nemnde også Nav-reforma, samhandlingsreforma og skjerpa miljøkrav som område som krev god kommunal handtering.

- Utfordringa er at det ikkje er muleg å gjere alle til lags. Då må de som politikarar makte å forklare samanhengen i politikken og kvifor de tek dei vala de tek, sa Navarsete.

- Det krev at kommunane opnar seg for borgarane, la Navarsete, og synte til den ferske lokaldemokratiundersøkinga som blei lagt fram tysdag. Der kom det fram at eit fleirtal av innbyggjarane opplever at dei i liten grad er nøgde med mulegheitene dei har til påverke kommunale avgjerder.