Revidert nasjonalbudsjett

Gratis utstyr for å inkludere ukrainske barn og unge

Regjeringa føreslår å løyve 10 millionar kroner til utstyrssentralar som lånar ut sports- og fritidsutstyr.

– Ukrainakrisa inneber at fleire utsette barn kjem til Noreg. Det er ekstra viktig at vi set inn tiltak for å motverke utanforskap no. Tilgang på fritidsaktivitetar kan bidra til å inkludere ukrainske barn og unge. Regjeringa vil styrke utstyrssentralane fordi dei raskt kan gje fleire barn og unge moglegheit til å delta i fritidsaktivitetar, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).  

Regjeringa føreslår å auke løyvinga til tilskotsordninga «Tilskudd til inkludering av barn og unge» med 10 millionar kroner. Auka skal gå til utstyrssentralar, mellom anna knytt til BUA-nettverket, som har søkt på tilskotsordninga.

Styrkinga på 10 millionar kroner vil gjere at fleire utstyrssentralar kan vidareutvikle og styrke tilbodet.

– At barn og unge kan låne sports- og fritidsutstyr gir alle moglegheit til å delta på sosiale aktivitetar på fritida, uavhengig av lommebok og bakgrunn. Det er særleg viktig no for dei som nettopp har kome til landet, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.

I budsjettet for 2022 vart tilskotsordninga styrkt med 85 millionar kroner. Med forslaget i Revidert nasjonalbudsjett (RNB) inneber det at tilskotsordninga i 2022 er totalt på om lag 565 millionar kroner.