Historisk arkiv

Presseinvitasjon:

Helse- og omsorgsminister Bent Høie besøker Kristiansand måndag 25. april

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Bent Høie skal besøke Sørlandet sykehus for å få ei orientering om "Akuttprosjektet", som er eit samarbeid med barnevernet om felles akutt-teneste til barn og unge. I tillegg skal statsråden besøke Valhalla helsesenter og Barnehuset i Kristiansand.

Program:

Kl. 10.35 – 11.45 Sørlandet sykehus, avdeling for barn og unges psykiske helse (Abup).
Adresse: Sørlandet sykehus, HF, Poliklinikken, Egsveien 100.

Statsråden får ei orientering om "Akuttprosjektet". Abup, barneverntenesta og Bufetat samarbeider om eit prosjekt der dei prøver ut ein felles tverretatleg akutt-teneste for barn og unge. Eit viktig mål med prosjektet er koordinert og tilpassa hjelp til barn, ungdom og familiar i krise. Statsråden får også ei omvising i akuttambulant eining på Abup.

Kl. 13.00 - 13.55 Valhalla helsesenter.
Adresse: Marviksveien 20

Bent Høie får ei omvising på helsesenteret. Kristiansand kommune vil mellom anna fortelje om satsinga si på velferdsteknologi, korleis dei jobbar for å redusere behovet for institusjonsplassering og kva dei gjer for å raskt kunne ta imot utskrivingsklare pasientar frå sjukehus.

Kl. 14.00-15.00 Statens Barnehus.
Adresse: Vestre Strandgate 26

Bent Høie får ei omvising på Barnehuset og ei orientering om det tverrfaglege arbeidet som vert gjort i saker der barn har vore utsette for vald og overgrep. Tilsette på Barnehuset vil særleg fortelje om tannlegeundersøkingar og det systematiske samarbeidet med tannhelsetenesta. Tannlegar er i ein unik posisjon til å avdekke vald og overgrep mot barn.

Pressa er velkomen til å delta, og statsråden er tilgjengeleg for kommentarar.

Statsråden skal også delta på eit ope møte i Unge Høgre kl. 17 på Arendal bibliotek. Tema er ungdomshelse.