Historisk arkiv

Presseinvitasjon:

Helse- og omsorgsminister Bent Høie til Stjørdal 7. november

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Bent Høie skal få ei orientering om Helseundersøkinga i Nord-Trøndelag (HUNT 4) og lese av aktivitetssensoren han sjølv har brukt ei veke. Statsråden skal deretter delta på dialogmøte om den nye eldrereforma Leve hele livet. Temaet er gjennomføring. Målet med dialogmøtet er å finne ut korleis dei gode tiltaka og løysingane kan gjennomførast i heile landet.

Kl. 09.15–09.55: Stokkan ungdomsskoleklasse,
Stokkanvegen 15, Stjørdal
HUNT er ei svært betydningsfull samling av helsedata. Undersøkinga gir unik kunnskap om mellom anna folkehelse, aldring, smerteproblem og ulike livsstilssjukdommar. Bent Høie skal besøke ein ungdomsklasse som deltek i HUNT. Elevane får utdelt eit nettbrett som dei skal bruke til å svare på spørreskjemaet. Statsråden blir også med til helsesøster sitt kontor for å få informasjon om dei kliniske undersøkingane i datainnsamlinga.

Kl. 10.00–10.50: HUNT 4 feltstasjon.
Kjøpmannsgata 13, Stjørdal
Høg oppslutning om helseundersøkingar er svært viktig. Helse- og omsorgsministeren har derfor sjølv gått med aktivitetsmålar ei veke. Resultata vil bli offentleggjorde under besøket. Høie skal også prøve ein bioimpedansemaskin. Det er ein maskin som mellom anna kan rekne ut kor mykje musklar og feitt ein har i kroppen.

Kl. 11.00–16.00: Dialogmøte i Leve hele livet,
Radisson Blu Trondheim Airport Hotel, Lufthavnveien 30
Temaet for det 5. dialogmøtet i kvalitetsreforma for eldre,Leve hele livet, er gjennomføring. I mange kommunar er tenestene gode og eldre og pårørande er nøgde. Men mange stader opplever eldre at livet blir tungt og utrygt på grunn av mangelfulle tenester. Dei siste månadane er det derfor gjennomført fire regionale dialogmøte på alle reforma sine område; mat, aktivitet og felleskap, helsehjelp og samanheng i tenestene. Målet med det 5. dialogmøtet er å finne ut korleis dei gode tiltaka og løysingane kan bli spreidde og gjennomførte i heile landet.

Bent Høie ber om råd og innspel frå brukarar og pårørande, frivillige og fagfolk. Innspela skal danne grunnlaget for utforminga av kvalitetsreforma for eldre, som skal leggast fram som ei stortingsmelding våren 2018.  

Les programmet for dialogmøte

Pressa er velkomen til å delta. Bent Høie er tilgjengeleg for kommentarar.