Presseinvitasjon:
Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol besøker Kristiansund 25. august
Nyhet | Dato: 22.08.2022 | Helse- og omsorgsdepartementet
Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol vil besøke det stengde fødetilbodet i Kristiansund torsdag 25. august. Kjerkol vil også ha eit møte med alle ordførarane i det kommande opptaksområdet til nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal og Pasient- og brukarombodet.
Møta er ikkje opne for pressa, men statsråden vil vere tilgjengeleg for å kommentere møta og den vidare prosessen når møta er ferdige. Ho vil også kunne gi ein kort kommentar mellom møta på sjukehuset og møtet med ordførarane og Pasient- og brukarombodet.
Program:
Kl. 11.00-14.30: Møte med fagfolk på klinikken, leiinga i Helse Møre og Romsdal, leiinga i Helse Midt-Norge og tillitsvalde.
Stad: Herman Døhlens vei 1, Kristiansund
Kl. 15.30-17.00: Møte med alle ordførarar i det kommande opptaksområdet til nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal og Pasient- og brukarombodet.
Stad: Servicetorget, Vågeveien 4 (Rådhusplassen)
Kl. 17.15: Møte med pressa
Stad: Servicetorget, Vågeveien 4 (Rådhusplassen)