Helseberedskapsmeldinga blei lansert fredag 24. november

Regjeringa la fredag 24. november fram Noregs første stortingsmelding om helseberedskap. I meldinga gir regjeringa politisk og strategisk retning for norsk helseberedskap. Det betyr at førebygging og beredskap må få auka prioritet i helsetenesta.

Nett-tv Lansering Helseberedskapsmeldingen

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Dette er den første meldinga til Stortinget om helseberedskap. Regjeringa vil med meldinga sikre ein motstandsdyktig helseberedskap som har som formål å vareta og verne liv og helse. 

I meldinga blir det vist til at vi har vore gjennom tre år med pandemi, og at vi står overfor eit meir samansett og krevjande trusselbilde.