Statsbudsjettet 2024

Historisk billig barnehage

Regjeringa vil kutte maksprisen i barnehage til historisk låge 2000 kroner i månaden, og til 1500 kroner i dei 189 mest spreiddbygde kommunane.

Oppdatert fredag 6. oktober kl. 12:18 med lenke til oversikt over de 189 mest spredtbygde kommunene. 

Det kjem fram i forslaget til statsbudsjett for 2024.

– Med lågare barnehagepris hjelper vi lommebøkene til mange familiar. Det gjer at fleire barn kan delta i barnehagefellesskapet, det gjer det lettare for fleire foreldre å jobbe og det er bra for samfunnet på kort og lang sikt. Barnehagen er viktig i barns liv her og no, og har betydning for korleis elevane gjer det vidare i skuleløpet, seier kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap).

Regjeringa foreslår å løyve totalt 1,6 milliardar kroner til denne satsinga i 2024.  

Sparer minst 11 000 årleg

Med ny makspris på 2000 kroner frå 1. august vil ein familie med eit barn i barnehage spare 11 000 kroner i året. Familiar med to barn i barnehage vil spare 18 700 kroner i året. Familiane til om lag 210 000 barn vil merke dette i lommebøkene.

I dei 189 mest spreiddbygde kommunane, der om lag 33 000 barn bur, vil ein makspris på 1500 kroner frå 1. august gjere at ein familie med eit barn i barnehage sparer 16 500 kroner i året.  Dei med to barn i barnehage sparer 28 050 kroner.

– Den ekstra låge prisen i spreiddbygde kommunar kan gjere det endå meir attraktivt for småbarnsfamiliane å bu i distrikta, seier Brenna.

Om maksprisen frå Solberg-regjeringa i 2021-budsjettet hadde følgt prisveksten, ville den ha vore 3 610 kroner frå 2024.

Satsinga på lågare makspris kjem i tillegg til tidlegare tiltak som regjeringa har innført med gratis barnehage i Nord-Troms og Finnmark, og gratis barnehage frå tredje barn.

Vidareførar satsing på dei tilsette

Regjeringa er også oppteken av å styrke kompetansen til dei tilsette i barnehagane, og vil gjere det meir attraktivt å jobbe der. Til saman vil regjeringa bruke om lag 790 millionar kroner på å løfte kompetansen i 2024, ein auke på 84 prosent frå 2021. Regjeringa vil mellom anna vidareføre den store satsinga på vidareutdanning for barnehagelærarar og andre tilsette i barnehagane. I 2023 blei det sett ny rekord då 1700 barnehagelærarar fekk vidareutdanningstilbod, opp 70 prosent frå 2022. Regjeringa vil også gjere det mogleg for fleire assistentar å ta fagbrev på jobb, slik at det blir fleire barne- og ungdomsarbeidarar i alle barnehagar.

– Samfunnet vinn på at flest mogleg barn går i barnehage. Det gjer at barna klarer seg betre i skulen og seinare i livet. Det bidreg òg til mindre forskjellar, høgare arbeidsdeltaking og meir likestilling, seier Brenna.

Sjå kven  dei 189 mest spreiddbygde kommunane er her.

Utviklinga i makspris i barnehage siden barnehageforliket

Graf som viser utviklingen i barnehagepris fra barnehageforliket og frem til i dag

Dato

Makspris (nominelle kroner)

01.01.2013

2 330

01.01.2014

2 405

01.01.2015

2 580

01.01.2016

2 655

01.01.2017

2 730

01.01.2018

2 910

01.01.2019

2 990

01.08.2019

3 040

01.01.2020

3 135

01.01.2021

3 230

01.01.2022

3 315

01.08.2022

3 050

01.01.2023

3 000

01.01.2024

3 000

01.08.2024

2 000

Tabell over kor mykje familiar vil spare frå 1. august 2024

Samla foreldrebetaling (dersom ein betaler makspris)

Pris per månad per 1.8 2021

Pris per månad 1. august 2024

Nominell endring per månad

Nominell endring per år

Eitt barn i barnehage – heile landet

3 230

2 000

–1 230

–13 530

To barn i barnehage – heile landet

5 491

3 400

–2 091

–23 001

Tre barn i barnehage – heile landet

7 106

3 400

–3 706

–40 766

Eitt barn i barnehage – sentralitetsindeks 5 og 6

3 230

1 500

–1 730

–19 030

To barn i barnehage – sentralitetsindeks 5 og 6

5 491

2 550

–2 941

–32 351

Tre barn i barnehage – sentralitetsindeks 5 og 6

7 106

2 550

–4 556

–50 116