Historisk nordisk innlegg for Den internasjonale domstolen i global klimasak

– Eg er svært glad for at Norden står samla bak eit så omfattande innlegg om folkerettslege forpliktingar knytt til klima og miljø, seier utanriksminister Espen Barth Eide.

Den internasjonale domstolen (ICJ) skal, i ein rådgivande uttale, ta stilling til statane sine forpliktingar etter folkeretten til å verne klimaet mot klimagassutslepp. Saka har vekt stort engasjement. I ei pressemelding frå Domstolen kjem det fram at til saman 97 land og organisasjonar har levert innlegg i saka, under dette dei nordiske landa, som for første har gått saman om eit skriftleg innlegg for Domstolen.

­– Klimaendringane utgjer ein eksistensiell trussel for noverande og framtidige generasjonar. Vi treng ambisiøse klimamål og omgåande handling. Dei nordiske landa har sterke tradisjonar og høge ambisjonar på klima- og miljøområdet, og ønskjer Domstolen sin behandling av spørsmålet velkommen, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Det skriftlege innlegget gjer greie for dei nordiske landa sitt syn på kva klimaforpliktingar statar har etter folkeretten, og legg særleg vekt på den heilt sentrale rolla til Parisavtalen.

–  Eg er svært glad for at Norden står samla bak eit så omfattande innlegg om folkerettslege forpliktingar knytt til klima og miljø. Den rådgivande uttalen vil bli viktig for at verdssamfunnet skal vere betre stilt for å løyse klimautfordringane saman. Ei global utfordring krev globale svar, seier utanriksminister Espen Barth Eide.

Fakta om den internasjonale domstolen

Den internasjonale domstolen (International Court of Justice, ICJ) er det primære domstolsorganet i FN, og den mest sentrale tvisteløysingsinstitusjonen i det internasjonale samfunnet.

Domstolen har setet sitt i Haag i Nederland og kan operere som tvisteløysingsinstitusjon for statar i saker som gjeld folkerettslege spørsmål. Domstolen kan òg gi rådgivande utsegner etter tilvising frå mellom anna FNs generalforsamling. Ein rådgivande uttale er ikkje folkerettsleg bindande, men blir tillagd tradisjonelt betydeleg folkerettsleg vekt.