Høyring: Konkurranse om regionale ruteflygingar frå 1. april 2024

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Samferdselsdepartementet ber no om innspel til arbeidet med ny konkurranse om drift av regionale ruteflygingar (FOT-ruter).

- I samband med arbeidet med ein ny konkurranse om ruteflygingane omfatta av ordninga med statleg kjøp ønsker vi innspel frå dei som faktisk nyttar tilboda i distrikta. Det regionale flyrutetilbodet er viktig for å sikre distrikta tilgang til sjukehus, regionhovudstad og flyruter nasjonalt og internasjonalt, og for å legge til rette for verdiskaping i heile landet, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygaard.

Høyringa, der involverte fylkeskommunar og andre relevante instansar kan kome med innspel til prosessen med statleg kjøp av flyruter, utgjer ein viktig del av avgjerdsgrunnlaget for Samferdselsdepartementet ved den komande konkurransen om drift av dei regionale flyrutene.

 Samferdselsdepartementet vil òg bestille ei ekstern utgreiing om det statlege kjøpet som departementet tek sikte på skal være ferdig til månadsskiftet september/oktober 2022. Utgreiinga er også planlagt sendt på ei kort høyring til hausten.

Lenke til høyring.