Høyring om garantiordningar ved konkurs i forsikringsføretak som tilbyr yrkesskadeforsikring

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Justis- og beredskapsdepartementet har i dag sendt på høyring forslag til endringar i regelverket for å gi skadelidde eit betre vern ved konkurs i utanlandske forsikringsselskap som har selt yrkesskadeforsikring. Forslaget er sendt i samråd med Finansdepartementet.

Det har vore viktig for regjeringa å gi arbeidstakarar eit betre vern dersom det utanlandske forsikringsselskapet dei var forsikra gjennom går konkurs.

Arbeidsgivar har etter yrkesskadeforsikringsloven plikt til å teikne yrkesskadeforsikring for sine tilsette. I Noreg er det i utgangspunktet gode ordningar for å sikre arbeidstakar i dei tilhøve kor arbeidsgivar ikkje har teikna lovpålagt yrkesskadeforsikring, eller har teikna forsikring i eit selskap som har gått konkurs. Den norske garantiordninga gjeld ikkje dersom eit forsikringsselskap med hovudsete i annan EØS-stat går konkurs, og yrkesskadeforsikringa er kjøpt utanom norsk filial. I desse tilhøva vil arbeidstakar ikkje vere dekt av ordninga dersom hen blir utsett for ein yrkesskade.

Høyringsnotatet følger opp eit forslag utarbeida av Finanstilsynet etter oppdrag frå Finansdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet. Høyringsnotatet skisserer ulike løysningar for å gi skadelidde eit betre vern i konkurstilhøve der yrkesskadeforsikring er selt på grensekryssande basis. Ein ber om høyringsinstansane sine synspunkt på dei ulike alternativa, og kva av desse som gir den beste løysninga.

Det primære forslaget i høyringsnotatet er at medlemsplikta i garantiordninga for skadeforsikring i finansforetaksloven utvidast til å omfatte forsikringsføretak i annan EØS-stat, som sel lovpålagt yrkesskadeforsikring gjennom grensekryssande verksemd utanom filial.