Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 47

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 47, 2021.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no.

Utanriksminister Anniken Huitfeldt

Måndag 22. november
Kl. 10.30: Utanriksminister Anniken Huitfeldt har eit møte møte med organisasjonar frå det sivile samfunn om det komande norske presidentskapet i FNs tryggingsråd. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Ragnhild Simenstad, 91 71 74 59

Kl. 11.45: Utanriksminister Anniken Huitfeldt har eit møte med norske redaksjonar om arbeidet i FNs tryggingsråd og om det komande norske presidentskapet i rådet. Stad: Parkveien 45, Oslo

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Ragnhild Simenstad, 91 71 74 59

Kl. 13.15: Utanriksminister Anniken Huitfeldt har eit møte med Norwegian Arts Abroad. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 15.00: Utanriksminister Anniken Huitfeldt har eit møte med FNs regionale koordinator for Syria-krisa, Muhannad Hadi. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 16.00: Utanriksminister Anniken Huitfeldt har eit møte med Deeyah Khan, vinnar av Fritt Ords pris 2020. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Tysdag 23. november
Kl. 10.00: Utanriksminister Anniken Huitfeldt held ei utgreiing om viktige EU- og EØS-spørsmål. Stad: Stortinget

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Onsdag 24. november
Kl. 12.30: Utanriksminister Anniken Huitfeldt deltek på eit møte i EØS-rådet. I samband med møtet har ho også bilaterale samtalar og møte med norske aktørar i byen. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Brussel, Belgia 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 25. november
Kl. 10.00: Utanriksminister Anniken Huitfeldt er i Stortinget og deltek i debatten etter utgreiinga om EU- og EØS-spørsmål 23. november. Stad: Stortinget, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 11.45: Utanriksminister Anniken Huitfeldt deltek digitalt på Asems (Asia Europe Meeting) toppmøte. Møtet vert skipa til av Kambodsja som har formannskapet i Asem.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 15.00:Utanriksminister Anniken Huitfeldt har eit møte med den kviterussiske politikaren Svetlana Tikhanovskaja. (Møtet er utsett). Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 18.00: Utanriksminister Anniken Huitfeldt er vert for ei mottaking i samband med eit internasjonalt kulturløft og lanseringa av eit nytt kompetanseprogram for å auke kultureksporten. Stad: Parkveien 45, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim

Måndag 22. november
Kl. 09.00: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim har eit innspelsmøte om regjeringas utviklingspolitikk med organisasjonar frå sivilt samfunn. Stad: Ingeniøranes hus, Oslo

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes 93 23 18 83

Kl. 11.00: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim har eit møte med Finlands statsråd for utanrikshandel og utvikling, Ville Skinnari. Stad: UD, Oslo 

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes 93 23 18 83

Tysdag 23. november
Kl. 15.30: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek digitalt på årleg bilateral konsultasjon med Unicef.

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes 93 23 18 83

Torsdag 25. november
Nordisk samarbeidsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek på ein koronakonferanse med nordiske kollegaer. Stad: Tórshavn, Færøyene.

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes 93 23 18 83

Kl. 12.00: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim har eit digitalt møte med dei nordiske utviklingsministrane om situasjonen i Etiopia.

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes 93 23 18 83

Statssekretær Henrik Thune

Måndag 22. november
Kl. 10.30: Statssekretær Henrik Thune deltek på eit møte med organisasjonar frå det sivile samfunn om det komande norske presidentskapet i FNs tryggingsråd. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Ragnhild Simenstad, 91 71 74 59

Kl. 11.45: Statssekretær Henrik Thune deltek på eit møte med norske redaksjonar om arbeidet i FNs tryggingsråd og om det komande norske presidentskapet i rådet. Stad: Parkveien 45, Oslo

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Ragnhild Simenstad, 91 71 74 59

Kl. 15.00: Statssekretær Henrik Thune deltek på eit møte med den regionale koordinatoren for Syria-krisa, Muhannad Hadi. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Tysdag 23. november
Kl. 10.00: Statssekretær Henrik Thune har eit møte med leiaren for sekretariatet i Det internasjonale havpanelet. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 14.00: Statssekretær Henrik Thune har eit møte med Colombiaforum. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 17.30: Statssekretær Henrik Thune deltek på eit politisk nettverksmøte skipa til av NHO. Stad: Møllergata 6, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Eivind Vad Petersson

Måndag 22. november
Kl. 09.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson held ei orientering for medlemmar av Natos parlamentarikarforsamling. Stad: Stortinget

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 14.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson har eit møte med ambassadørane frå Estland, Polen og Romania om FN-traktaten om atomvåpenforbod. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Tysdag 23. november
Kl. 13.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson har eit møte med mellom anna Norsk folkehjelp om kjernefysisk nedrusting og humanitære konsekvensar. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Onsdag 24. november
Kl. 10.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson har eit møte med Dag Ekelberg frå Yara. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 25. november
Kl. 12.30: Statssekretær Eivind Vad Petersson deltek på eit seminar om arktiske løysingar for det grøne skiftet. Stad: Ingeniørenes hus, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Fredag 26. november
Kl. 10.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson har eit møte med Campaign to Stop Killer Robots. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Bjørg Sandkjær 

Tysdag 23. - fredag 26. november
Statssekretær Bjørg Sandkjær er på reise i Ghana.

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes 93 23 18 83