Tilleggsnummer til Statsbudsjettet 2022

Ingen nasjonal utrulling av fritidskort

Regjeringa føreslår å ikkje setje i gang ei nasjonal ordning med fritidskort og å avslutte prøveprosjektet som planlagt 1. juli 2022. Arbeidet for å gjere fritidsaktivitetar tilgjengelege for alle barn held fram, men regjeringa vil prioritere andre tiltak.

Regjeringa føreslår å styrkje den nye tilskotsordninga for å inkludere barn og unge med 50 millionar kroner. Med forslaget er tilskotsordninga på om lag 555 millionar kroner.

Regjeringa føreslår også å utvide ordninga slik at kommunane kan søkje om tilskot til å dekkje deltakaravgifta til fritidsaktivitetar for barn og unge. Ordninga vil då også kunne dekkje tilskot til kommunale tiltak med same føremål som fritidskortet.

Tilskotsordninga vil dekkje tilskot til ferie- og fritidsaktivitetar, opne møteplassar, utstyrssentralar og losar/ungdomslosar. Ei styrkt tilskotsordning gir fleire barn og unge høve til å delta på sosiale aktivitetar og til å fullføre utdanningsløp.

Gjennom Hurdalsplattforma har regjeringa forplikta seg til full momskompensasjon til frivilligheita og til å styrkje dei frie inntektene til kommunane.