Inka-gjenstandar levert tilbake til Peru

Elleve inka-gjenstandar som blei beslaglagt av politiet i Oslo hausten 2017 blei i går returnert til Peru under ein høgtideleg seremoni i Palacio Torre Tagle, eit palass som det peruvianske utanriksdepartementet disponerer i den gamle bydelen i Lima.

Statssekretær i Utanriksdepartementet Marianne Hagen og utanriksminister i Peru, Nestor Popolizio Bardala håndhilser.
Statssekretær i Utanriksdepartementet Marianne Hagen og utanriksminister i Peru, Nestor Popolizio Bardala. Foto: Utanriksdepartementet i Peru

Statssekretær i Utanriksdepartementet Marianne Hagen heldt tale om kor viktig det er å ta vare på verdas kulturarv og kjempe mot ulovleg handel med kulturgjenstandar. Utanriksminister i Peru, Nestor Popolizio Bardala, retta ein varm takk til norske styresmakter og gav honnør til toll og politi for å ha avdekt og tatt beslag i dei ulovleg innførte gjenstandane.

Seremonien blei avslutta med at utanriksminister Bardala og den norske ambassadøren Beate Stirø signerte ein intensjonsavtale om fortsatt samarbeid for å kjempe mot ulovleg innførsle og utførsle av kulturgjenstandar.

Utanriksminister i Peru Nestor Popolizio Bardal på talerstolen.
Utanriksminister i Peru Nestor Popolizio Bardal og statssekretær i Utanriksdepartementet Marianne Hagen. Foto: Utanriksdepartementet i Peru
Til toppen