Invitasjon til innspelsmøte om ideell vekst i institusjonsbarnevernet

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Regjeringa har som mål å avslutte bruken av konkurranseutsetjing og anbod i barnevernssektoren og sikre ideelle verksemder langsiktige avtalar med det offentlege. I tillegg til å vere eit mål i seg sjølve, skal ideell vekst understøtte arbeidet med å utfase dei store, kommersielle leverandørane

For å oppnå dette er eg oppteken av å høyre direkte frå dei som jobbar med dette, både organisasjonar og tilsette, og frå barn, unge og deira familiar, som har innspel til det vidare arbeidet. Eg vil difor oppmode dykk om å delta på dette innspelsmøtet.

Dato for møtet er torsdag 16. mars 2023, kl. 10:0–13:00. Møtet vert halde i auditoriet i R5, Akersgata 59 i Oslo. Vi serverar kaffe og vaflar frå 09:30.

Kvar organisasjon kan delta med 1–2 personar. Deltakarane vert inviterte til å gje eit førebudd innspel på tre minutt om tema. Ved stor interesse kan det bli behov for å justere på taletida. Vi ber om at de oppgir i påmeldinga om de ønskjer å halde innlegg. Om de ønskjer å bruke powerpoint, ber me om at den blir sendt saman med påmeldinga.
Lenkje til påmelding her.

Frist for påmelding er 8. mars.

Velkommen til innspelsmøte!

Gyldig legitimasjon må visast fram ved ankomst. Følgjande legitimasjon blir godkjend:

  • Tenestebevis med bilete som er utskrive av norske offentlege verksemder for identifikasjonsformål
  • Norsk pass
  • Norsk nasjonalt ID-kort
  • Norsk gyldig førarkort (ikkje elektronisk)

Lokalet er tilrettelagd for rullestolbrukarar, samt har teleslynge. Pressen er også velkommen, og kan ta bilder.

Med helsing
Kjersti Toppe, barne- og familieminister