Inviterar til seminar om tillitsreform

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Regjeringa vil fornye offentleg sektor gjennom ei tillitsreform for både stat og kommune. Tillitsreforma legg til grunn at medarbeidarar, leiarar og tillitsvalte sjølve veit kor skoen trykker, og skal få høve til å ta initiativ til å løyse oppgåver og gi brukartilpassa tenester til beste for innbyggarane.

Kommunal- og distriktsdepartementet arrangerer 29. november eit seminar om tillitsreforma på Sentralen i Oslo. Målet er å bidra med kunnskap, erfaringsutveksling og inspirasjon til utviklingsarbeidet som regjeringa har starta. Det vert innlegg frå regjeringa, forskarar og praktikarar som leiarar og tillitsvalte.

Programmet ser førebels slik ut, merk at det kan komme enkelte endringar:

  • Videohelsing  frå statsminister Jonas Gahr Støre        
  • Innlegg frå  statssekretær Gunn Karin Gjul i Kommunal- og distriktsdepartementet              
  • Tillitsreform og erfaringar og råd frå Danmark ved Tina Øllgaard Bentzen (Roskilde universitet)
  • Tillitsreform og erfaringar frå norske kommunar ved Marte Winvold (Universitetet i Oslo)
  • Tillitsreform og erfaringar fra Udir og Bufdir ved Hege Nilssen (Bufdir)
  • Tillitsreform og partssamarbeid i NAV ved Hans Christian Holte og Unni Sorter (NAV og AVYO)
  • Tillit og ansvar i heltidskulturarbeidet – erfaringer og resultater fra Ringerike kommune- Ringerike kommune ved Kristin Eriksen Akre Hansen og hovedtillitsvalt i Fagforundet Ole Johan J. Mala
  • Korleis jobbe med tillitsarbeid i eiga verksemd, praktiske verktøy frå Statens arbeidsgivarportal ved Vibeke Johnsen og Christina Volen (Direktoratet for forvaltning og økonomistyring)
  • Tillitsreform og brukerdriven innovasjon ved Benedicte Wildhagen, Maja Brita Hauan (DOGA)

Arrangementet vert sendt digitalt på regjeringa.no. Media er velkomne til å ta del i programmet.

 

Påmelding ved å trykke her