Jordbruksoppgjeret 2017:

Jordbruket viser ingen vilje til å finne løysingar innanfor moderasjonslinja

Jordbruket viser lite forståing for, og ingen vilje til å finne løysingar innanfor moderasjonslina som preger lønnsoppgjera, sjølv ikkje når dei har fått tilbod om rammer som gir potensiale for dobbelt så høg inntektsvekst som andre grupper.

Eg må dessverre konstatere at det ikkje har lukkast staten å kome til einigheit med jordbruket om ein jordbruksavtale for 2018. 

Når eg seier dessverre, er det fordi staten har søkt å finne grunnlag for dette, og strekt seg langt for å få det til. Det har ikkje vore mogleg å lande ein jordbruksavtale innan forsvarlege rammer. 

Staten har gjennom forhandlingane vist stor vilje til å forhandle både om ein auke i budsjettoverføringane og på fordelinga av midlane. 

Eg er oppvaksen på eit småbruk, blant bønder. Det siste 1,5 året har eg som landbruksminister reist landet rundt og møtt hardtarbeidande bønder som investerer og utviklar sin eigen arbeidsplass. Som resultat får forbrukerane verdas tryggaste mat. Norske bønder gjer ein viktig jobb, og regjeringa vil halde fram arbeidet for å styrke grunnlaget for norsk matproduksjon. 

Det er altså ikkje det faktum at regjeringa ikkje unner bønder inntektsvekst som er grunnlaget for at vi i dag må konstatere brot i jordbruksforhandlingane. 

Årsaka til at vi ikkje kjem i mål i årets jordbruksoppgjer er at ei ansvarleg regjering ikkje kan øydelegge moderasjonslina som pregar lønnsoppgjera i ei krevjande tid for norsk økonomi. 

Jordbruket har fått tilbod om høgare inntektsutvikling enn andre grupper

Trass i at det har vore viktig å halde fast ved moderasjonslina, har regjeringa gjennom forhandlingane gitt jordbruket tilbod om høgare inntektsutvikling enn andre grupper. I løpet av denne regjeringsperioden er inntektsveksten i jordbruket dobbelt så høg som for andre grupper i samfunnet.   

Utgangspunktet for årets jordbruksforhandlingar har vore svært godt.
Jordbruket har dei siste åra opplevd høg inntektsvekst, færre bønder legg ned drifta nå enn tidlegare, arealnedgangen flatar ut, rekrutteringa tek seg godt opp og det bli investert 8,5 milliarder kroner årleg i norsk jordbruk. Det har aldri blitt produsert meir mat i Noreg enn nå. 

Det tilbodet som staten la fram for jordbruket den 5. mai er på 410 millionar kroner. Staten følgjer opp kravet frå jordbruket om prisuttak frå marknaden, det gir den lågaste prisveksten på svært mange år. Forbrukerane kan dermed gle seg over låg vekst i matprisar. 

410 millionar kroner i ramme er meir enn Stortinget fastsette jordbruksoppgjeret til som følgje av brotet i 2014, og det er meir enn Norges Bondelag inngjekk avtale på i både 2015 og i 2016. Veksten i budsjettstøtta er høgare i statens tilbud i år enn dei tre foregåande åra til saman. 

Tilbodet inneber inntektsmoglegheitar på nær 4,5 prosent

Tilbodet inneber eit inntektspotensiale på 2,25 prosent for jordbruket. I tillegg kjem inntektspotensiale på ytterlegare 350 millionar kroner, eller 2,2 prosent, dersom næringa får kontroll på overproduksjon av lam-og svinekjøtt. Inntektsmoglegheitane for jordbruket er dermed på nær 4,5 prosent for 2018, medan andre grupper er prognostisert til om lag 3 prosent. 

I tilbodet frå staten er det lagt til grunn at dei relativt sett minste mjølkebruka med 15 mjølkekyr vil ha ei årsinntekt på gardsbruket på om lag 560 000 kroner. 

Staten har vist vilje til å kome jordbruket ytterlegare i møte

Gjennom forhandlingane har Staten vist vilje til å kome jordbruket ytterlegare i møte. Jordbruket har fått forslag om å disponere 680 millionar kroner til fordeling. Av dette vil den formelle ramma vere 550 millionar kroner. Denne auken i ramma ville da i all hovudsak vere meir støtte over statsbudsjettet. I så fall ville samla støtte til jordbruket over statsbudsjettet auka med i overkant av 300 millionar kroner i 2018.

I tillegg ville jordbruket kunne fordelt 130 millionar kroner i frigjorte midlar frå 2017. 

Stortingets inntektsmål seier at god marknadstilpassing er ein førestnad for inntektsdanninga. Jordbruket har dermed moglegheit til å hente ut ytterlegare 350 millionar kroner utover dei 550 millionar kronene staten har signalisert som ramme. Dette ville samla gitt jordbruket inntektsmoglegheitar i størrelseorden 900 millionar kroner. 

Å prioritere alt opp er ikkje prioritering

Jordbruket har kravd ei innretting av budsjettmidla til små- og mellomstore gardsbruk. Det har også staten gjort i sitt tilbod til jordbruket. Regjeringa har vore innstillt på å imøtekome vidare fordeling basert på prioriteringane til jordbruket. 

I debatten som har følgt av statens tilbod, har eg registrert at fleire bønder med store gardar i sentrale strok har reagert på kutt i støtte. Til det har eg følgjande kommentar: Eg forstår det, og regjeringa har prioritert dykk i tidlegare års forhandlingar. Når vi no prioriterer annleis,  skjer det med utgangspunkt i Stortingets føringer og jordbrukets krav. 

Dersom ein skal prioritere opp dei små- og mellomstore gardsbruka og distriktsjordbruket,  betyr det at ein må prioritere nokon andre ned. Å prioritere alt opp er ikkje prioritering. 

Dersom det er slik at jordbruket ikkje er innforstått med at ei klar prioritering på små- og mellomstore gardsbruk inneber at ein ikkje prioriterer dei store i like stor grad, ja då toler ikkje bondeorganisasjonane sin retorikk møte med verkelegheita.

Kvifor kjem vi ikkje i mål i år? 

Jordbruket har dei siste 3 åra hatt ein inntektsvekst på 18,1 prosent. Det er meir enn dobbelt så mykje som andre grupper i samfunnet som har hatt 7,1 prosent. 

Det framgår av jordbrukets eige krav at også inntektsveksten målt i kroner pr. årsverk har vore sterkare enn for andre grupper. 

Jordbruket krev ei inntektsutvikling på 9 prosent

Norsk økonomi er inne i ei krevjande tid. Lønnsoppgjera er prega av moderasjon. Mange har mista jobben.

I ei slik tid, der andre grupper har opplevd reallønnsnedgang,  medan jordbruket har hatt ein reallønnsvekst på meir enn 10 prosent,  krev altså jordbruket i år ei inntektsutvikling for 2018 på 9 prosent.

Mesteparten av dette må skattefinansierast av dei gruppene som no har vist moderasjon. Anten det er butikkmedarbeidaren, hjelpepleiaren,  rørleggaren, eller andre som driv eiga verksemd. 

Trass i denne situasjonen i norsk økonomi har regjeringa vore innstilt på å gi bønder betre inntektsutvikling enn andre grupper. Men kravet om 9 prosent er langt utanfor rekkevidde for det ei ansvarleg regjering kan innrømme jordbruket i ei tid der andre viser moderasjon. 

Jordbruket kunne oppnå kring 5,5 prosent

Gjennom forhandlingane har altså jordbruket kunne oppnå auka budsjettoverføring og ein inntektsvekst opp mot 4 prosent, med bedre maknadstilpassing kunne jordbruket oppnå kring 5,5 prosent, eller nær dobbelt så mykje som prognosane for andre grupper. 

Under føresetnad av betre marknadstilpassing ville pengane som er lagt på bordet gjennom forhandlingane også isolert for 2018 gitt jordbruket høgare kronemessig utvikling enn andre grupper. 

Prioritering av små- og mellomstore gardsbruk, særskilt prioritering av vestlandsjordbruket, og vanskelige tema på detaljerte ordningar, har som tidlegare nevnt regjeringa vore innstilt på å imøtekome jordbruket på. 

Konklusjon 

Årsaka til at vi ikkje kjem i mål i årets jordbruksoppgjer er at ei ansvarleg regjering ikkje kan øydelegge moderasjonslina som pregar lønnsoppgjera i ei krevjande tid for norsk økonomi. 

Jordbruket viser lite forståing for, og ingen vilje til å finne løysingar innanfor denne moderasjonslina, sjølv ikkje når dei er får tilbod om rammer som gir potensiale for dobbelt så høg inntektsvekst som andre grupper. 

Basert på at Norges Bondelag og Norsk Bonde- og småbrukarlag ikkje kan akseptere dobbelt så høgt potensiale for inntektsvekst som andre grupper, vil regjeringa leggje fram det opphavelege tilbodet på 410 millionar kroner til Stortinget.

Det vert dermed opp til Stortinget å fastsette oppgjeret for 2018. 

I mellomtida vil regjeringa halde fram sitt arbeid for å styrke moglegheitene for norsk jordbruk.