Presseinvitasjon: Mehl med tiltak mot påverking frå framand etterretning

I PST og E-tenesta sine trusselvurderingar har dei over fleire år framheva autoritære statar si påverkingsverksemd som ein alvorleg trussel mot Noreg. Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl vil kome med tiltak mot påverking frå framand etterretning.

Tid: Fredag 12. januar, kl. 11.30-12.15
Stad: Teatergata 9, 0030 Oslo

Påmelding: Me ber journalistar registrere seg innan kl. 10.00 fredag 12. januar ved å sende e-post til Merete.Romestrand@jd.dep.no

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Merete Romestrand, telefon 47 62 13 62.

Møt opp i god tid og seinast kl. 11.15, og hugs å ha med gyldig ID.

Strøyming:
Det vil og bli høve til å strøyme pressekonferansen.

Nett-tv Pressetreff om påverknad frå framand etterretning

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Arrangementet blir filma av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og kan følgjast direkte på denne sida. Her kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer publiseringspunkt til media som vil sende arrangementet direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.