Foreslår nødvendige endringar for å klargjera arbeidstakaromgrepet

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Regjeringa har i dag lagt fram forslag til endringar i arbeidsmiljølova, mellom anna knytt til arbeidstakaromgrepet i lova, arbeidsgjevaransvar i konsern og dei kollektive ordningane for verneteneste og arbeidsmiljø.

– Me følgjer opp forslaga frå Fougner-utvalet, slik me har lova i Hurdalsplattforma. Arbeidsmiljølova er ein av berebjelkane i den norske modellen, og det er derfor viktig at lova blir forsterka og fornya for å møta utviklinga i arbeidslivet. Desse forslaga vil bidra til det, seier arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen.

Arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (Ap) på taket i AID
Foto: Astrid Waller

Regjeringa foreslår ei presisering av arbeidstakaromgrepet i lova, og at sentrale moment for klassifiseringa blir tekne inn i lovteksten. Dette vil gjera tydeleg når lova skal gjelda og gi eit klarare og meir brukarvennleg regelverk for arbeidstakarane og arbeidsggjevarane.

Regjeringa foreslår også ein presumpsjonsregel om at arbeidstakarstatus skal leggjast til grunn med mindre oppdragsgjevar kan bevisa at det er eit oppdragsforhold.

– Med dette forslaget blir det enklare for dei som er i ei «gråsone» mellom arbeidstakar og oppdragstakar å avklara rettsstillinga si.

Rettar og vern i konsern

Regjeringa foreslår vidare at ansvaret for nokre arbeidsgjevarfunksjonar skal gjelda for alle selskap som inngår i eit konsern. Dette gjeld for det første stillingsvernet til arbeidstakaren. Regjeringa foreslår at selskap som er ein del av eit konsern ved nedbemanning skal ha plikt til å tilby anna passande arbeid og gi fortrinnsrett til ny stilling til tilsette i andre selskap i same konsern. For det andre foreslår regjeringa reglar om informasjon og drøfting i konsern.

– Gjennom desse forslaga vil regjeringa styrka rettane og verna til arbeidstakarane i samband med omstruktureringar.

Rett til fast jobb etter tre år

Regjeringa foreslår også at ein mellombels tilsett arbeidstakar skal ha rett til fast tilsetjing etter tre års samanhengande tilsetjing, same kva som er grunnlaget for den mellombelse tilsetjinga.

– Desse forslaga som me har lagt fram i dag, vil som sagt styrkja rettane til arbeidstakarane. Dei vil mellom anna demma opp mot tilknytingsformer der formålet er å omgå arbeidsgivaransvaret, i tillegg til at dei byggjer opp under partssamarbeidet, seier Mjøs Persen.

 

Fakta:

Forslag til endringar i dei kollektive ordningane for verneteneste og arbeidsmiljø:

  • senka dagens terskel for når det skal opprettast arbeidsmiljøutval frå 50 til 30 tilsette, og at det kan krevjast arbeidsmiljøutval i verksemder med 10 tilsette.
  • verneombod i alle verksemder med minst fem tilsette
  • presisera at oppgåvene til verneombodet også skal omfatta innleigde arbeidstakarar og sjølvstendige oppdragstakarar som utfører arbeid i nær tilknyting til verksemda.

Foreslåtte endringar i reglane om drøfting av tilsetjingar:

  • samla dagens drøftingsplikter i kapittel 14 (om bruk av deltid, mellombelse tilsetjingar og innleige) i éi føresegn,
  • utvida drøftingsplikta til å omfatta bruk av sjølvstendige oppdragstakarar og tenestekjøp frå andre verksemder som har noko å seia for bemanninga.
  • å utvida drøftingsplikta til også å gjelda når ein av partane krev det. I dag skal bruken av tilsetjingar (berre) drøftast éin gong per år.