Konsesjonskraftprisen for 2023 er fastsett

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Konsesjonskraftprisen for 2023 er fastsett til 11,77 øre per kilowattime (kWh). Dette er ein auke frå prisen for 2022 som er 11,57 øre per kWh. Prisen gjeld for heile leveringsåret 2023.

Konsesjonskraft er ein lovfesta rett til uttak av kraft for kraftutbyggingskommunane og fleire fylkeskommunar. Konsesjonskraftprisen skal vere sjølvkost og blir utrekna på bakgrunn av sjølvkost i eit representativt utval av kraftverk.

Konsesjonskrafta skal sikre utbyggingskommunane kraft til alminneleg forsyning, og til ein rimeleg pris. Den økonomiske verdien av konsesjonskraftavståinga svarer til differansen mellom prisen på kraft i marknaden og prisen på konsesjonskraft tillagt innmatingsavgift.

Eit stort antall kraftkommunar og fleire fylkeskommunar nyt godt av konsesjonskraftordninga. Nordisk systempris hittil i år har i gjennomsnitt vore uvanleg høg på rundt 145 øre per kWh, som er mykje høgare enn konsesjonskraftprisen i år på 11,77 øre per kWh. Terminprisen for den nordiske systemprisen for 2023 ligg no på 161 øre per kWh, basert på marknadsinformasjon frå Nasdaq OMX. For NO1 (Oslo), NO2 (Kristiansand) og NO5 (Bergen) ligg terminprisane for 2023 på høvesvis 208 øre per kWh, 200 øre per kWh og 205 øre per kWh. For NO3 (Trondheim) og NO4 (Tromsø) er terminprisane høvesvis 52 øre per kWh og 46 øre per kWh. Med ein konsesjonskraftpris på 11,77 øre per kWh, vil ordninga gi betydelege inntekter til kraftkommunane og fleire fylkeskommunar neste år.