Krevjande å rekruttere og behalde fagfolk

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Over halvparten av dei statlege arbeidsgivarane opplever at det er vanskeleg å rekruttere og behalde fagpersonar, viser tal frå statens arbeidsgivarbarometer.

– Noreg har i dag låg arbeidsløyse og høg sysselsetjing. Dette er grunnleggende sett svært bra. Samstundes gjer dette det krevjande for mange arbeidsgjevarar å rekruttere den arbeidskrafta som ein har behov for. Dette er også noko som staten som arbeidsgjevar merkar. Eg er glad for at verksemdene er opptatt av å heve kompetansen til dei tilsette og følgje opp tillitsreforma med mindre detaljstyring og meir tillitsbasert leiing, samstundes som dei planlegg meir samarbeid med andre statlege verksemder, seier statsråd Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

65 prosent av dei statlege arbeidsgivarane opplever at det er utfordrande å rekruttere fagpersonar som juristar, IKT-personell og økonomar. Dette er ein auke sidan sommaren 2022. Nesten halvparten av verksemdene har i framtida behov for ein annan kompetanse enn det som blir dekt av dagens tilsette. Den same tendensen ser vi når det gjeld å behalde personell. Det er også meir krevjande enn tidlegare å rekruttere og behalde leiarar med personalansvar.

Tala er henta frå Arbeidsgivarbarometeret i staten frå seinhausten 2022. Undersøkinga går til dei nesten 200 HR-leiarane i det statlege tariffområdet, og blir gjennomførte to gonger i året.

Lønstilskot

Frå 1. juli i fjor kan statlege verksemder tilsette personar med mellombels lønstilskot i inntil to år, utan at stillinga må lysast ut. Verksemdene opplever likevel at det er utfordrande å rekruttere personar med funksjonsnedsetting. Nesten 70 prosent av verksemdene har iverksett tiltak for å rekruttere fleire med «hol i cv» og/eller funksjonsnedsetting, og 24 prosent har tilsett nokon med mellombels lønstilskot.

– Slik arbeidsmarknaden er no er det avgjerande at vi bidreg til at fleire av dei som står utanfor arbeidslivet får moglegheit til å komme i jobb. Eg håper fleire verksemder tek i bruk dette verkemiddelet, og bidreg til at det blir meir mangfald i statlege verksemder, seier Gjelsvik. 

Meir tillit og fleksibilitet

Ein tredel av verksemdene har planlagt eller sett i gang prosessar inspirert av tillitsreforma. Av desse har 64 prosent tiltak for å fremje tillitsbasert leiing, og over halvparten har arbeidt med å fjerne unødvendige krav til rapportering og dokumentasjon i eigen verksemd.

Undersøkinga viser også at over 90 prosent av verksemdene har gitt medarbeidarane meir fleksibilitet til å jobbe heimanfrå samanlikna med før pandemien. Vidare svarer over 90 prosent at dei har hatt eit godt samarbeid med dei lokale partane dei siste seks månadene, og nesten 50 prosent har gjennomført felles opplæring i medråderett for leiarar og dei tillitsvalde.