Landbruks- og matministeren sitt svar på spørsmål nr. 15 i spørretimen på Stortinget 8.11.2023

Spørsmål frå representanten Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål:

Eg vil fortsetje med det same temaet som var oppe i førre spørsmål.

«Det er nyleg igjen avslørt omfattande vanskjøtsel og dårleg dyrevelferd knytt til hurtigveksande kyllingar av rasen Ross 308. Éin av tre norske daglegvarekjeder har allereie slutta å selje produkt av hurtigveksande kyllingar og gått over til produkt frå dyr med normalt vekstmønster.

Vil statsråden, i påvente av lovendringar som forbyr hurtiveksande rasar fjørfe i Noreg, slik Venstre allereie har foreslått, oppmode forbrukarar, matkjeder og leverandørar til ikkje lenger å kjøpe eller selje produkt frå hurtigveksande kyllingrasar?»

Svar:

Felles for all norsk kyllingproduksjon er at produsentane skal fylgja regelverket for dyrehald som gjeld. Dyrevelferdsprogramma er innfasa i denne næringa òg og gjeld òg for hald av foreldredyr. Dette er viktige verktøy for både å dokumentera og forbetra velferda til dyra.

Det er viktig å understreka at dette er ein dyrevelferdssak i Sverige, som ligg utanfor mitt konstitusjonelle ansvar. Eg har ansvaret for dyrevelferda i Noreg. Men desse dyra vert importerte er foreldra til dyr som er i Noreg. Det er naturleg at det kjem ein diskusjon f.eks. om ein rase har eigenskapar som ikkje er i samsvar med dyrevelferd. Eg trur det er viktig at vi først sett nokre standardar for kva som er akseptabelt, og så må ein måla det dyrematerialet ein har, opp mot det.

Så til spørsmålet om boikott. Svaret på det er nei. Eg trur det ville ha vore svært uansvarleg av meg, som landbruksminister, å gå ut og oppfordra til ein boikott av ein rase som står for svært mykje av den kyllingen som vert produsert i Noreg. Tenkjer representanten at me i mellomtida skal basera oss på import av kylling? Korleis har ein tenkt at det skal løysast?

Eg har respekt for at dette er ei næring som består av dyktige bønder som har sitt levebrød i å produsera mat av høg kvalitet til befolkninga i Noreg. Ei nedbygging av den norske produksjonen kan raskt enda opp med import. Det trur eg ikkje er bra for verken folk, kylling eller norsk landbruk. Me bør heller – i dialog med næringa – jobba med å utvikla dyrevelferda på dette området òg. Eg er litt overraska over at Venstre meiner det er eit godt verkemiddel at ein statsråd skal oppfordra til boikott.